Sakkunnige – fagområde

Før søknader om akkreditering av fagområde går til sakkunnig vurdering, gjer NOKUT ei administrativ vurdering av styringsordning, reglement og kvalitetssikringssystem. Rutine for etablering av nye utdanningstilbod skal vere ein del av kvalitetssikringssystemet. Denne rutinen vurderer den sakkunnige komiteen i samarbeid med NOKUT.

Den sakkunnige komiteen

Den sakkunnige komiteen gjer ei fagleg vurdering av søknaden. Komiteen vil også vurdere om utdanningsplanane for dei godkjente tilboda som allereie ligg under det aktuelle fagområdet framleis tilfredsstiller NOKUTs krav. Formålet med dette er å kontrollere at utdanningsplanane er oppdaterte i forhold til utviklinga i yrkeslivet og eventuelle endringar i lover og avgjerder.

Institusjonsgjestinga er ein sentral del av metoden til dei sakkunnige. Denne gjestinga går over to dagar. På institusjonsgjestinga intervjuar komiteen personar og grupper etter eit program som er sett opp på førehand. Komiteen gjer også ei synfaring av velferds- og undervisningslokala til skulen.

Søkjar får høve til å foreslå sakkunnige og til å uttale seg om forslag til komité. Ingen sakkunnig kan ha, eller ha hatt, oppgåver for, eller anna tilknyting til, søkjar som fører til inhabilitet.

Dei sakkunnige skriverden faglege vurderinga si av fagområde i ein rapport. I rapporten konkluderer dei sakkunnige med om kriteria er tilfredsstillande oppfylte og om komiteen tilrår godkjenning eller ikkje.

Krav til dei sakkunnig sine kvalifikasjonar

Sakkunnige komitear som skal vurdere søknader om akkreditering av fagområde, skal ha følgjande kvalifikasjonar, jf. fagskoletilsynsforskriften § 2-4:

  • Praksis frå relevant yrkesfelt, og oppdatert kunnskap om utviklingstrendar innan yrkesfeltet.
  • Formell utdanning minst på nivå med toårig fagskuleutdanning innan relevant fagområde innan tilsvarande eller liknande fagområde.
  • Formell pedagogisk utdanning og relevant undervisningspraksis.
  • Erfaring frå leiing av utdanningsinstitusjon innan tertiærutdanning. 
  • Kjennskap til både vidaregåande opplæring, fagskuleutdanning og høgre utdanning.
  • Ein studentrepresentant med erfaring frå fagskolestyre eller andre sentrale studenttilltisverv.

Registrering som sakkunnig

Dersom du ønskjer å bli sakkunnig for NOKUT, må du registrere deg i NOKUTs portal for sakkyndige.