Beskjed om fagskulesøknadar hausten 2020

Om de planlegg å søke fagskuleakkreditering til neste søknadsfrist, ber vi om beskjed i god tid. At de gjev beskjed ei stund før søknadsfristen vil effektivisere søknadsbehandlinga vår, og gje dykk raskare svar på søknaden.

Kva ønskjer vi beskjed om?

Vi ber om beskjed om de planlegg å søke om akkreditering av fagskuletilbod ved neste søknadsrunde. Det gjeld alle type søknader, både søknader om nye utdanningar og endringar i utdanningar som tidlegare er akkrediterte. 

Innhaldet i beskjeden

Vi treng nok informasjon om innhaldet i utdanninga til å kunne starte planlegginga av neste søknadsrunde. Vi vil nytte informasjonen mellom anna til å finne sakkunnige og sørgje for at dei rette saksbehandlarane hos oss er klare til å behandle sakene. Informasjonen vil ikkje ha innverknad på vurderinga av søknaden.

Vi ønskjer at de fyller ut et eige skjema

Vi har eit eige skjema for beskjed om søknader.

Vi ønskjer beskjed før 14. august 2020

Det er mogleg å gje beskjed heilt fram til søknadsfristen 15. september, men vi håper de gjev oss beskjed i god tid. Di tidlegare beskjeden kjem, di meir effektiv kan saksbehandlinga bli.

Send skjemaet med beskjed til: fagskole@nokut.no

Nye søknadsskjema, rettleiarar og regelverk til neste søknadsrunde

Ei ny fagskuletilsynsforskrift tek til å gjelde 1. august 2020. NOKUT vil frå søknadsfristen 15. september 2020 òg sette ut i live ein ny saksbehandlingsmodell for alle søknader om fagskuleutdanningar. Det vil kome nytt søknadsskjema og rettleiar 14. august 2020. Om de vil starte arbeidet med søknaden dykkar før dette, kan de ta kontakt med oss på fagskole@nokut.no