Klagerett

Ein fagskule kan klage på NOKUTs vedtak om akkreditering, vedtak om revidering av akkreditering og på vurderinga av kvalitetssikringssystem. Klager blir behandla av ei uavhengig klagenemnd.

Klagenemnda til NOKUT prøver vedtak mot reglane i forvaltningslova om saksbehandling. Ein fagskule kan ikkje klage på NOKUTs faglege vurdering.

Medlemene i klagenemnda til NOKUT er vald av Kunnskapsdepartementet. Leier og nestleiar i klagenemnda er lagdommarar.

Korleis klage?

Klagefristen er tre veker frå orientering om vedtaket har kome fram til søkar. Fagskulen gjer greie for kva grunnlag dei klagar på og stiler klaga til NOKUT. Viss NOKUT ikkje finn grunnlag for å omgjere vedtaket, vert saka sendt til NOKUT si klagenemnd, som fattar endeleg vedtak.

Klagenemndas mandat

Klagenemnda kan vurdere om NOKUT har gjort saksbehandlingsfeil, rettsbruksfeil og om det finnast maktmisbruk, usakleg forskjellsbehandling eller andre brot på forvaltningsrettslege prinsipp.

Klagenemnda kan ikkje overprøve NOKUTs vurdering av grunnleggende forutsetninger og heller ikkje vurderingane til NOKUTs sakkunnige.

Meir om klagenemnda