Lansering av Studiebarometeret for fagskulestudentar + digitalt seminar om kjelder i kvalitetsarbeid

NOKUT har glede av å invitere dykk til lansering av Studiebarometeret for fagskulestudenter 2021 og seminar om bruk av informasjonskjelder i kvalitetsarbeidet.

Dato: 21. september 2021 frå kl. 08:00–12:30

På frukostmøtet vil vi få ein presentasjon av resultat frå Studiebarometeret 2021, eksempel frå fagskulane og ein panelsamtale med sentrale aktørar i sektoren. På kvalitetsseminaret vil vi gå djupare ned i nokre problemstillingar, presentere erfaringar frå NOKUT sine tilsyn med kvalitetsarbeid ved fagskular og diskutere utfordringar ved implementering av nye krav. Vi vil også sjå på Studiebarometeret og Tilstandsrapporten. Kan desse undersøkingane vere nyttige kjelder for fagskulane i det daglege kvalitetsarbeidet? Korleis kan desse undersøkingane brukast? Kva er erfaringane så langt? Vi får kommentarar til innlegga, og vi får høyre om erfaringar frå tre fagskular om korleis dei brukar informasjonskjelder i kvalitetsarbeidet sitt.

Bruk skjemaet nedst på sida for å melde deg på. Kryss av for om du vil delta fysisk på frukostmøtet eller på seminaret. Om du berre vil sjå strøyminga av frukostmøtet, treng du ikkje å melde deg på, men følg gjerne med i arrangementet på Facebook for å få meir informasjon og varsel når arrangementet startar.

Del 1: Frukostmøte

Stad: Youngs (Oslo sentrum) + digitalt (strøymes på YouTube og Facebook)
Tid: kl. 08:00–09.15

Program:

  • Presentasjon av funn frå Studiebarometeret for fagskulestudentar 2021
  • Eksempel frå fagskulesektoren
  • Panelsamtale med statsråd Henrik Asheim, ONF-leiar Henning Skau, rektor ved Fagskolen i Viken Eirik Hågensen og administrerande direktør i NOKUT Kristin Vinje.

Strømmelenke blir tilgjengeleg på nokut.no og på NOKUT sine Facebook-sider.

Del 2: Kvalitetsseminar

Å hente inn informasjon. Korleis bruke andre relevante kjelder for å vurdere kvalitetsarbeid?

Stad: Zoom
Tid: kl. 09:45–12:30

Program

9.45
Opning

Erfaringar frå tilsyn med kvalitetsarbeid: Om bruk av informasjon i kvalitetsarbeidet og utfordringar i møte med nye forskiftar
Ingvil Urdal, seniorrådgivar i tilsynsavdelinga i NOKUT

10.20
Studiebarometeret for fagskular: korleis tolke og bruke data frå undersøkinga
Kristoffer Fretland Øygarden, rådgivar i analyseavdelinga i NOKUT

10.40
Kva seier Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning om studiekvalitet?
Martin Paulsen, prosjektleiar for Tilstandsrapporten, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

11.00  Pause

11.30
Kommentarar og erfaringar frå:

  • Cecilie Gaarder Skaug, rektor ved Norsk Hestesenter
  • Adeline Berntsen Landro, seniorrådgivar ved Fagskolen Hordaland
  • Eigil Norén, seniorrådgivar ved Fagskolen Kristiania

Spørsmål og kommentarar frå deltakarane

Leia av Kristian Bergh, kommunikasjonsrådgivar i NOKUT


I Kunnskapsdepartementet si strategi "Videre vekst og kvalitet" for høgare yrkesfagleg utdanning er ambisjonen at fagskulesektoren skal vekse, og at kvaliteten i utdanninga skal styrkast i takt med veksten. Strategien vektlegg at fagskulane skal vidareutvikle sine kvalitetssystem og fremje kvalitet i alle ledd. Fagskulane skal sjølv fastsette mål for kvaliteten i utdanningane sine og systematisk hente inn informasjon frå studentar, tilsette, representantar frå yrkesfeltet og andre eventuelle kjelder for å vurdere om dei har nådd måla dei har sett for utdanningane (jf. fagskuletilsynsforskriften § 4-1).

Studiebarometeret kan vere eit døme på ei slik kjelde. På kvalitetsseminaret tek vi opp følgjande problemstillingar:

  • Er det funn frå Studiebarometeret som fagskulane kan ta med seg inn i kvalitetsarbeidet? 
  • Kva for erfaringar har fagskulane med å bruke funn frå Studiebarometeret?
  • Korleis har nye lovkrav endra kvalitetsarbeidet? Kva er dei største utfordringane? 
  • Korleis brukar fagskulane Studiebarometeret i sitt kvalitetsarbeid?
  • Kva er skilnaden på datagrunnlaget for Studiebarometeret (subjektive oppfatningar av kvalitet i studietilboda) og Tilstandsrapporten (objektive data om fagskulane)?
  • I kva grad og korleis kan ein nytte dataa i Tilstandsrapporten for å seie noko om kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning?
  • Gjennomstrøyming er eit døme på ein kvalitetsindikator. Kva for utfordringar er knytte til det å nytte desse dataa som ein kvalitetsindikator, og kva for utfordringar er knytte til kvaliteten på desse dataa?

Velkommen!

Spørsmål om arrangementet kan rettast til kommunikasjonsrådgivar Kristian Bergh, kristian.bergh@nokut.no

Påmelding

Ved påmelding samtykker du til at vi lagrer personopplysninger om deg til bruk for det aktuelle arrangementet. I etterkant hender det også vi sender ut et spørreskjema for evaluering av arrangementet. Opplysningene deles kun med de av samarbeidspartnerne våre som trenger disse for å utføre sine respektive oppdrag. Sjekk personvernerklæringen vår for mer informasjon








Total: 0 kr

Del med andre