Ope innspelsmøte – evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring

NOKUT har gleda av å invitere til eit ope innspelsmøte i samband med oppstarten av evalueringa av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring.

I år er det 10 år sidan innføringa av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR).

I januar fekk NOKUT i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å gjennomføre ei evaluering av NKR som skal gje "et helhetlig bilde av hvordan NKR i dag fungerer og gi et grunnlag for videreutvikling". Arbeidet har fått ei ramme på to år og skal sjå nærmare på kva funksjonar og effektar NKR har i dag, kva grad det er i tråd med føremåla og kome med tilrådingar om vidare utvikling. Regjeringas kompetansereform har nyleg understreka kor viktig arbeidet med nettopp kompetansepolitikk, utdanning og livslang læring er.

Diskusjonen om NKR engasjerer mange både i utdanningssektoren og i arbeidslivet, i ulike fagmiljø og blant studentar. NOKUT ønskjer innspel frå interessentar og aktørar som på ulike måtar treff på NKR i sitt virke, om utfordringar og problemstillingar som evalueringa bør sjå på, og rolla NKR kan spele i arbeidet med livslang læring, utdanning og kompetansepolitikk. Det er viktig for det vidare arbeidet at sentrale problemstillingar og spørsmål blir løfta.

Evalueringa kjem til å sjå inngåande på to ulike område:

  1. Utdanningskvalitet og regulering av utdanning
  2. Mobilitet og livslang læring

Vi kjem til å dele innspelsmøtet i desse områda for å skilje ulike diskusjonar frå kvarandre. Du vil ved påmelding bli bede om å oppgje kva diskusjonsgruppe du ønskjer å delta på. Du vil få tilsendt eit endeleg program og diskusjonsspørsmål i forkant av møtet. Vi tar også gjerne imot innspel på e-post før møtet. Ettersom dette feltet er eit som engasjerer mange, og i ulike sektorar, vil vi gjerne ha dykkar hjelp til å spreie denne invitasjonen vidare. Vi set pris på om de kan informere aktuelle personar i dykkar verksemd eller sende den vidare i aktuelle nettverk.

Du kan lese meir om NKR her og om den siste rapporten om parallelle nivåskildringar her.

Kontaktperson: Jon Furholt
E-post: jon.furholt@nokut.no

Påmelding

Ved påmelding samtykker du til at vi lagrar personopplysingar om deg til bruk for det aktuelle arrangementet. I etterkant hender det også vi sender ut eit spørjeskjema for evaluering av arrangementet. Opplysingane blir berre delte med dei av samarbeidspartnarane våre som treng desse for å utføre sine respektive oppdrag. Sjekk personvernerklæringa vår for meir informasjon







Total: 0 kr

Del med andre

  • Sted:

    Zoom
  • Tid:

    -