Djupdykk i det sør-afrikanske utdanningssystemet

Vi har gleda av å invitere til seminar om det sør-afrikanske utdanningssystemet og sør-afrikanske kvalifikasjonar.

I den samanhengen får NOKUT besøk av Joe Samuels, Chief Executive Officer i South African Qualifications Authority (SAQA). SAQA er det sør-afrikanske organet som er ansvarleg for det sør-afrikanske kvalifikasjonsrammeverket og for kvalitetssikring av utdanningsstandardar i Sør-Afrika.

Seminaret er for deg som er tilsett i universitets- og høgskolesektoren, autoriserande myndigheit eller liknande, og som jobbar med vurdering av utdanningsdokument. Send gjerne invitasjonen vidare til personar du tenkjer kan vere interesserte!

NB: Seminaret vil vere på engelsk.

Pris: 500 kroner (inkludert lunsj)

Påmeldingen er bindende etter at fristen er gått ut (14. september)!

Program

09.30–10.00 Registrering og kaffe

10.00 Introduksjon frå NOKUT

10.05 Introduksjon med omtale av relevante bilaterale forhold mellom Sør-Afrika og Norge

10.15 Oversikt over det sørafrikanske utdanningssystemet (Samuels)

  • Tema som vi vil kome inn på er SAQAs rolle i Sør-Afrika, demografiske utviklingar når det gjeld utdanning

10.45 Postsekundær utdanning i Sør-Afrika (NOKUT)

  • Kvalifikasjonar – formelle gradar og andre kvalifikasjonar i systemet

12.15 Lunsj

13.00 Kvalifikasjonsrammeverket og QA (Samuels)

  • Gjennomslag, oppfølging av NQF i den sørafrikanske utdanningssektoren
  • Mobilitet for studentar/tilsette som resultat av NQF/QA internt i Sør-Afrika

13.45–14.30 Vurdering og godkjenning av utanlandsk utdanning i Sør-Afrika (Samuels)

  • System, antal, utfordringar, osv.
  • Mobilitet for studentar/tilsette over landegrensar

Kontaktinformasjon

Faglege spørsmål kan rettast til:
Erik Audensen
E-post: erik.audensen@nokut.no
Tlf.: 465 46 932

Praktiske spørsmål kan rettast til:
Jon Furholt
E-post: Jon.Furholt@nokut.no
Tlf.: 22530559 / 957 58 534

Vegforklaring

Du kjem enkelt til Drammensveien 288 ved bruk av kollektivtransport. Både bussar, tog og flytog stoppar på Lysaker. Derfrå er det omtrent 10 minutt å gå til lokala våre, som ligg plassert mellom E18 og Sollerudstranda.

Del med andre