Institusjonskategoriar

Noreg har tre kategoriar av akkrediterte institusjonar som har ulike fullmakter til sjølv å etablere nye utdanningstilbod.

  • Universitet
  • Vitskapleg høgskole
  • Høgskule

Utdanningsinstitusjonar som ikkje har institusjonsakkreditering, men har studietilbod akkreditert som høgre utdanning, kan og kalle seg høgskole.

Fullmakt

Institusjonskategoriane seier kva fullmakt institusjonen sjølv har til å etablere nye studietilbod utan å måtte søkje NOKUT om akkreditering. Dette kan noko forenkla visast på denne måten:
Institusjonskategoriar

Dei grå rutene viser kva studietilbod institusjonen kan opprette. Dei raude rutene viser kva studietilbod institusjonen må søkje NOKUT om akkreditering for.

Høgskular utan institusjonsakkreditering må søkje NOKUT om å opprette alle nye studietilbod, akkrediterte høgskular må søkje om master- og doktorgradstilbod, medan universitet har sjølvakkrediteringsfullmakt til å opprette studietilbod på alle nivå.

* Vitenskapelige høyskoler har rett til å opprette studietilbud på alle nivå innen dei fagområdene kor dei har fått rett til å tildele doktorgrad. På andre fagområder gjeld same rettar som akkrediterte høgskolar.