Akkrediterte fagskuletilbod

Berre etter å ha fått akkreditering av ei fagskuleutdanning frå NOKUT, kan ein utdanningsinstitusjon kalle seg for ein fagskule. Kvar utdanning fagskulen tilbyr skal óg være akkreditert. Her finn de informasjon om korleis de søker om akkreditering og kva for fagskuleutdanningar NOKUT har akkreditert.

Å søke om akkreditering

NOKUT akkrediterer (godkjenner) fagskuleutdanningar om vilkåra i regelverket er oppfylt. Fagskular som har akkrediterte fagområde, kan sjølv akkreditere utdanningane sine. Her finn de informasjon om å søke akkreditering og kva fristar som gjeld.

Oversikt over fagskuletilbod som NOKUT har akkreditert

Her kan du finne alle fagskuletilbod som NOKUT har akkreditert. Oversikta var sist oppdatert 15. oktober 2021. Akkrediteringsvedtaket og rapporten for kvar utdanning finn du i oversikta over NOKUTs tilsynsrapportar og vedtak for fagskuleutdanning.

Finn du ikkje utdanningstilbodet i lista? Då kan det vere at fagskulen har fagområdeakkreditering og har akkreditert utdanninga sjølv. Sjekk fleire mogelege årsaker til at tilbodet ikkje står i lista.

Ta kontakt med oss dersom du ønskjer alle grunnlagsdata for denne databasen.

Om du ikkje finn svar på det du lurar på her, kan du sende en e-post til fagskole@nokut.no