– Vi bidrar til å sikre og fremme kvalitet i utdanningen

Søk

Revidering av bachelorutdanning i sjukepleie samt masterutdanning i sjukepleievitskap

NOKUT sette hausten 2004 i gong revidering av akkreditering av alle bachelorgradsstudier og mastergradsstudier i sjukepleie. 16. juni 2008 sa NOKUT sitt styre ja til dei siste bachelorgradsstudiene i sjukepleie.

Styret til NOKUT fatta 10. november 2005 vedtak i revideringa av akkrediterte studietilbod i sjukepleie: Begge mastergradsstudiene som var med i revideringa tilfredsstilte krava, medan berre eit, sjukepleieutdanninga ved Diakonhjemmet høgskole, av dei 31 bachelorgradstudiene som var med i revideringa, tilfredsstilte krava.

Fasar i revideringa

Den innleiande revideringa som førte til vedtak av 10. november 2005 vert kalla fase 1. Då vedtaka om førebels underkjenning blei gjort, ga styret til NOKUT institusjonane eit års frist for utbetring av studieplan, kvalitetssikring og infrastruktur. Dette vert kalla fase 2 i prosjekt sjukepleierevidering, medan oppfølging av vedtaka om førebels underkjenning av fagmiljø vert kalla fase 3.


Ny framstilling av studiet – eit års frist for oppretting (fase 2)

Institusjonar med studietilbod som ikkje tilfredsstiller krava til studieplan, infrastruktur og kvalitetssikring fikk eit års frist for å tilfredsstille krava. Denne vurderinga var ferdigstilla hausten 2007 og styret i NOKUT godkjente alle 9. november 2007.


Ny framstilling av fagmiljøet – to års frist for oppretting (fase 3)

Fristen for å fremstille seg der mangelen er knytta til kompetansekrav for dei tilsette i undervisnings- og forskarstillingar var november 2007. Rapportane fra denne fasen var ferdigstilla våren 2008 og blei behandla av NOKUT sitt styre 16. juni 2008. Alle blei godkjende.

Relatert informasjon



Kandidatundersøkelse

På oppdrag fra NOKUT gjennomførte SINTEF Helse en spørreundersøkelse for å få svar på kandidatenes egen tilfredshet med studiet, samt å avdekke styrker og svakheter ved hvert enkelt av studietilbudene.

 

Praksisstudier i sykepleierutdanningen (2009)

Rapporten gjør rede for hvordan praksisstudiene inngikk i det samlede opplegget for revidering av sykepleierutdanningene. Sentralt i rapporten er en gjennomgang av de sakkyndige komiteenes beskrivelser og anbefalinger vedrørende kvaliteten i praksisstudiene.