Rett til å gjere vedtak i faglege saker i NOKUT

NOKUT gjer vedtak i mange ulike faglege saker. Her er oversyn over kven som har rett til å gjere kva slags vedtak


I. Høgre utdanning


Styret sjølv:

Vedtak om:

  • godkjenning av institusjonanes kvalitetssikringssystem
  • akkreditering og revidering av akkreditering av institusjon og doktorgradsutdanning 
  • revidering av mastergradsutdanning når denne går føre seg saman med revidering av doktorgradsutdanning innanfor same fagområde
  • akkreditering og revidering av akkreditering av bachelorgrads- og mastergradsutdanning når dei sakkunnige er usamde eller konklusjonen er uklar
  • trekkje attende akkreditering av institusjonar og studietilbod
  • evaluering av institusjonar og studietilbod for å vurdere kvaliteten 

Styreleiar:

  • vedtak om oppnemning av og mandat for sakkunnige når styret sjølv gjer endeleg vedtak 

Direktøren:

Vedtak om:

  • oppnemning av og mandat for sakkunninge for akkreditering og revidering av høgre utdanning på lågare grads nivå og høgre grads nivå, med unntak av revidering av mastergradsutdanning når revideringa går føre seg saman med doktorgradsutdanning innanfor same fagområde
  • akkreditering av studietilbod, med unntak av doktorgradsutdanning, når dei sakkunnige er samde 
  • revidering av akkreditering av lågare grads studium og mastergradsutdanning som ikkje blir revidert saman med doktorgradsutdanning i same fagområde
  • godkjenning av utanlandsk utdanning
  • karantenetid for søknader
  • retningsliner for behandling og utforming av søknader om akkreditering av institusjonar og studietilbod
  • retningsliner for evaluering av kvalitetssikringssystem

 

II. Fagskoleutdanning


Styret sjølv:
 

Vedtak om:

  • godkjenning av tilbydar og revidering av godkjent tilbydar
  • revidering av godkjent fagskoleutdanning

Styreleiar:

  • vedtak om oppnemning av og mandat for sakkunnige når styret sjølv gjer endeleg vedtak

Direktøren:

Vedtak om:

  • oppnemning av og mandat for sakkunnige for godkjenning av fagskoleutdanning
  • godkjenning av fagskoleutdanning
  • godkjenning av kvalitetssystem
  • karantenetid for søknader
  • karantenetid for ny vurdering av kvalitetssystem
  • retningsliner for behandling av søknader om godkjenning av fagskoleutdanning og tilbydar

 

Vedtatt 17.12. 2007. Justert 26.01.2009 og 10.06.2011