– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningen

Søk

NOKUTs arbeid med utanlandsk utdanning

NOKUTs godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning skal bidra til at personar med utanlandsk utdanning effektivt kan nytte kompetansen sin i Noreg. I tillegg skal NOKUT bidra til at arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar har god informasjon om kva utanlandsk kompetanse motsvarar i Noreg.

Dette gjer NOKUT gjennom å:

  • godkjenne og vurdere den utanlandske høgare utdanninga til enkeltpersonar
  • informere om utanlandsk utdanning og systemet for godkjenning i Noreg
  • utføre nasjonale koordinerings- og kontaktpunktfunksjonar
  • tilverke, stille saman og analysere kunnskap om godkjenning av utanlandsk kompetanse
  • skape møteplassar for meiningsutveksling og å setje viktige tema på dagsorden
  • gi råd til styresmaktene, arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane

Utviklingsplan for 2016–2017: NOKUTs tjenester om utenlandsk utdanning og kompetanse


Relatert informasjon