– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningen

Søk

NOKUTs arbeid med norsk utdanning

NOKUT fører tilsyn med, informerer om og bidrar til å utvikle kvaliteten på norske utdanningar og institusjonar. Gjennom dette arbeidet skal NOKUT bidra til at alle utdanningar ved norske universitet, høgskular og fagskular har tilfredsstillande kvalitet, at flest mogleg utdanningar er framifrå og at samfunnet er godt informert om tilstanden i sektoren.

Dette gjer NOKUT gjennom å:

  • godkjenne og føre tilsyn med institusjonar og utdanningar ut frå nasjonale og internasjonale standardar
  • forvalte og utvikle verkemiddel for å stimulere kvalitetsutvikling
  • tilverke, stille saman og analysere kunnskap om utdanning og kvalitet
  • informere om utdanning og kvalitet
  • skape møteplassar for meiningsutveksling og å setje viktige tema på dagsorden
  • gi råd til styresmaktene og utdanningsinstitusjonane

Det er universiteta, høgskulane og fagskulane som sjølv er ansvarleg for kvaliteten på utdanningane dei tilbyr. NOKUT kontrollerer at kvalitetsarbeidet deira er tilfredsstillande. På den måten skal NOKUT bidra til at samfunnet kan ha tillit til at det er god utdanningskvalitet ved norske lærestader.


Utdanningskvalitet

Med utdanningskvalitet meiner vi kvaliteten og relevansen på lærestadene si tilrettelegging for læringa til studentane, og læringsutbyttet til studentane etter fullført utdanning. NOKUT har i studietilsynsforskriften fastsett kriterium for kva som er god nok kvalitet.

Meir om utdanningskvalitet