– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningen

Søk

ENQA-evaluering

Våren 2013 blei NOKUT evaluert av ENQA, den europeiske samanslutninga av kvalitetssikringsorgan for høgare utdanning. Resultatet var positivt.

Evalueringa gjaldt vidareføring av NOKUTs medlemskap i ENQA, og dessutan kvalifisering for innplassering i det europeiske registeret over Bologna-anerkjente kvalitetssikringsorgan (EQAR). Evalueringa blei utførd i samsvar med dei europeiske ESG-kriteria (European Standards and Guidelines for Quality Assurance in the European Higher Education Area (pdf)). Europeiske kvalitetssikringsorgan blir evaluerte etter desse kriteria kvart 5. år. NOKUT var sist gjennom ein slik prosess i 2008, også då med positivt resultat.

I samband med evalueringa utarbeidde NOKUT ein sjølvevalueringsrapport (pdf) og fekk deretter besøk av ein internasjonal evalueringskomité vald av ENQA

Komiteen hadde følgjande samansetjing:

  • Nick Harris (Storbritannia, sjølvstendig konsulent) – leiar
  • Patricia Georgieva (Bulgaria, direktør)
  • Tue Vinther-Jørgensen (Danmark, avdelingsdirektør)
  • Jean-Marc Rapp (Sveits, professor, direktør)
  • Olav Øye (Noreg, student  i Belgia)

NOKUT opererer i samsvar med dei europeiske ESG-kriteria

Komiteen leverte rapporten sin i juni, og vurderinga var positiv. NOKUT er vurdert å oppfylle krava i ESG, fekk mykje ros av komiteen for verksemda si, samt nokre tilrådingar om ytterlegare forbetringar. På grunnlag av rapporten behandla styret i ENQA i september spørsmålet om vidareføring av NOKUTs medlemskap i samanslutninga, også dette med positivt resultat. EQAR har per september 2013 enno ikkje teke stilling til innplassering i registeret.

Les rapporten frå den sakkunnige komiteen (pdf)