– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningen

Søk

Internasjonalt arbeid

NOKUTs arbeid med kvalitetssikring og godkjenning av utdanningstilbod byggjer på internasjonale standardar. Det same gjeld arbeidet vårt med godkjenning av utanlandsk utdanning. I tillegg deltek vi i internasjonale samarbeidsprosjekt på begge desse områda.

Den norske kvalitetssikringa er sterkt påverka av måla i Bologna-prosessen der blant annan vår eigen utdanningsminister har anerkjend "Standards and guidelines for quality assurance in higher education" (ESG), som førande også for norsk kvalitetssikring. ESG skal bidra til ei felles europeisk plattform og dermed sikre europeisk mobilitet og konkurranseevne, men utan å utfordre mangfaldet og det nasjonale sjølvstendet.

Ein indikasjon på at NOKUT opererer i samsvar med europeiske standardar for kvalitetssikring av høgare utdanning, er at NOKUT opprettheld medlemskapen i ENQA. Dette er den største medlemsorganisasjonen på sitt område i Europa og har i dag medlemer i meir enn 40 land.

Meir om ENQA-evalueringa av NOKUT i 2013


Samarbeid – norsk høgare utdanning

Det internasjonale samarbeidet er konsentrert rundt sentrale nordiske og europeiske nettverk og organisasjonar. I tillegg til desse kjem også einskilde multilaterale og bilaterale samarbeidsprosjekt med andre nasjonale kvalitetssikringsorgan.

Vi spreier også informasjon om norsk høgare utdanning og det norske systemet for kvalitetssikring og kvalitetsutvikling gjennom foredrag og presentasjonar i internasjonale samarbeidsprosjekt og nettverk.

NOKUT tek samtidig imot kunnskap og impulsar frå andre land, og held seg oppdatert om den internasjonale utviklinga gjennom diskusjonar om teori, metode og praksis innanfor kvalitetssikringsfeltet.

Vi er medlem av følgjande nordiske og europeiske nettverk og organisasjonar:

Prosjekt

Samarbeid – godkjenning av utanlandsk høgare utdanning

Også innafor godkjenning av utanlandsk høgare utdanning har NOKUT eit omfattande internasjonalt samarbeid, med vekt på nordiske og europeiske nettverk og organisasjonar. Her deltar vi med foredrag og presentasjonar. Vi er også aktive i aktuelle diskusjonar og prosjekt.

Vi er medlem av følgjande nordiske og europeiske nettverk:

Prosjekt