– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningen

Søk

Høgskulen i Volda har fått godkjent lærarmaster

NOKUT har no akkreditert lærarmasteren til Høgskulen i Volda. Før jul fekk høgskulen tilsegn om akkreditering. No er det siste kravet innfritt og høgskulen er klar til å ta opp studentar på begge utdanningstrinna frå hausten av.

– Vi gratulerer Høgskulen i Volda med den nye akkrediteringa. Høgskulen har no tilsett dei undervisarane dei mangla då vi fatta vedtaket før jul. Dei andre krava var allereie innfridde. Høgskulen er dermed klar for studentopptaket våren 2017, seier NOKUTs tilsynsdirektør Øystein Lund.

Høgskulen i Volda har fått akkreditert mastergrad både i grunnskulelærarutdanning for trinna 5–10 og grunnskulelærarutdanning for trinna 1–7. Dei kan no tilby masterfaga:

  • norsk, matematikk og spesialpedagogikk (1–7)
  • norsk, matematikk, samfunnsfag, engelsk og spesialpedagogikk (5–10)

Akkrediteringa er gyldig frå vedtaksdato.

Les vedtak og rapporter:

 

Share Del med andre
Logo: Høgskulen i Volda