– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningen

Søk

Nettstudiet i økonomi og ledelse ved Høgskolen i Søraust-Noreg ikkje godkjent

Det nettbaserte bachelorstudiet i økonomi og ledelse, som Høgskolen i Søraust-Noreg tilbyr i samarbeid med NKI Nettstudier, oppfyller ikkje krava som gjeld for akkreditering av høgare utdanning. Høgskulen har fått frist til 30. juni 2018 med å avvikle utdanninga. Dermed vil dei registrerte studentane kunne sluttføre utdanningane sine.

NOKUT har gjennomført eit omfattande  tilsyn med utdanningar som universitet og høgskular tilbyr i samarbeid med eksterne aktørar.  Nettstudiet i økonomi og ledelse ved Høgskolen i Søraust-Noreg var blant dei. Høgskulen har sjølv lagt ned studiet etter at NOKUTs tilsyn avdekte vesentlege manglar.

– Tilsynet vårt avdekka at kriteria i studietilsynsforskrifta ikkje var oppfylte på ein del vesentlege punkt. Spesielt gjeld dette krava til fagmiljøet i studiet og til at utdanninga er tilstrekkeleg forankra i relevant forsking. Høgskulen får ein avviklingsperiode fram til 30. juni 2018 for registrerte studentar. Innan 26. august i år må høgskulen dokumentere at desse studentane får undervisning som fyller krava i studietilsynsforskrifta, seier tilsynsdirektør i NOKUT, Øystein Lund.

Plan for studiet i avviklingsperioden

Studentar som var registrerte på studiet per 6. april, skal få fortsette utdanninga si. Høgskolen i Søraust-Noreg må sørge for at utdanninga følger kvalitetskrava for høgare utdanning. Mange tek berre eitt eller fleire emne ved høgskulen som ledd i ei vidareutdanning. Lund vektlegg at undervisningsformer, fagmiljø og forskingstilknyting må omtalast grundig i planen høgskulen no skal sende til NOKUT.

– Høgskolen i Søraust-Noreg må sjå til at dei studentane som var registrerte før studiet vart lagt ned, får fullføre utdanninga si på ein god måte. Vi vil nøye vurdere planen for avviklingsperioden. Blir den ikkje godkjend, må høgskulen setje i verk andre tiltak som gjer det mogleg for studentane å fullføre studiet, seier Lund.

Les vedtak og rapport – revidering av bachelorstudiet i økonomi og ledelse ved Høgskolen i Sørøst-Norge

 

Share Del med andre
Logo: Høgskolen i Søraust-Noreg