– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningen

Søk

NOKUT trekkjer tilbake godkjenningar av dei maritime fagskuleutdanningane dekksoffiser og maskinoffiser ved Fagskolen i Vestfold

Fagskuleutdanningane dekksoffiser og maskinoffiser ved Fagskolen i Vestfold fyller ikkje krava i fagskoletilsynsforskriften. NOKUT trekkjer derfor tilbake godkjenningane for desse utdanningane.

– Godkjenninga for dei maritime fagskuleskutdanningane ved Fagskolen i Vestfold har vore under revidering av NOKUT sidan april 2014, og med dette vedtaket blir revideringsprosessen avslutta. Fagskuleutdanningane er ikkje lenger godkjente. Ønskjer fagskulen å starte opp med maritime utdanningar igjen, må dei søkje NOKUT om ny godkjenning, seier NOKUTs tilsynsdirektør Øystein Lund.

Fagskulen i Vestfold og Høgskolen i Buskerud og Vestfold (no Høgskolen i Søraust-Noreg) gav fram til juni 2015 felles undervisning til høgskulestudentar og fagskulestudentar i dei maritime utdanningane dei to første åra av utdanningane. Undervising vart gitt i høgskulen sine lokale av tilsett ved høgskulen.

– Fagskolen i Vestfold hadde ingen tilsette med maritim fagkompetanse eller ei leiing som var involvert i den daglege drifta av dei maritime utdanningane. Den sakkunnige komiteen fann i 2014 at fleire av krava til fagskuleutdanning ikkje var oppfylte. NOKUT gav dermed Fagskolen i Vestfold ein opprettingsfrist til 1. oktober 2015, forklarer Lund.

Fagskolen i Vestfold avslutta samarbeidet med den gong Høgskolen Buskerud og Vestfold om felles undervisning før oppstart av haustsemesteret 2015. Det blei ikkje tatt opp nye studentar til utdanningane denne hausten. Dei studentane som allereie gjekk på fagskuletilbodet blei undervist av undervisningspersonell i mellombelse stillingar. 

Dei maritime fagskulane bruker felles nasjonale planar som grunnlag for utforming av studieplanar.

– Sjølv om Fagskolen i Vestfold tok i bruk denne studieplanen hausten 2015, er det framleis fleire krav i fagskuletilsynsforskriften som ikkje er oppfylte, seier Lund.

Det er ikkje tilstrekkeleg å vise til at nasjonale planar er tatt i bruk.

– Fagskulen må til dømes kunne dokumentere korleis studieplanen er implementert i verksemda og at det er utvikla eit pedagogisk opplegg som sikrar at framtidige studentar får nødvendig oppfølging, rettleiing og undervisning. I tillegg må dei kunne dokumentere at det er utvikla undervisnings- og læringsaktivitetar som sikrar gode arbeids-, undervisnings- og vurderingsformer, forklarer Lund.

Det er ikkje teke opp studentar til desse utdanningane hausten 2016.

Les vedtaket og rapporten

 

Share Del med andre
Logo: NOKUT