– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningen

Søk

Boreteknologi og brønnservice ved Peteka ikkje godkjent

Fagskuleutdanningane boreteknologi og brønnservice ved Peteka – Petroleumsteknisk Akademi AS oppfyller ikkje krava som gjeld for godkjenning av fagskuleutdanning. NOKUT har gitt Peteka frist til 13. mai for å dokumentere at utdanningane tilfredsstiller krava i gjeldande lover og forskrifter.

– Tilsynet vårt har avdekt omfattande manglar ved Petekas utdanningar. Dette gjeld spesielt den nettbaserte delen av undervisinga, fagleg oppfølging og undervegsvurdering av studentane samt sjølve fagmiljøet ved fagskulen. Peteka har no tre månader på seg til å dokumentere at utdanningane oppfyller krava i fagskoletilsynsforskriften. Klarer dei ikkje det, vil NOKUT trekkje tilbake godkjenningane for fagskuleutdanningane, seier tilsynsdirektør Øystein Lund.

16 faglege krav ikkje oppfylte for boreteknologi

For å kunne tilby ei utdanning som fagskule må alle krava i fagskoletilsynsforskriften vere oppfylte. Dette er krav som gjeld organisering og drift av utdanningane, som reglement, styringsordning og system for kvalitetssikring, samt faglege krav knytte til innhaldet i utdanninga, arbeids- og læringsformer og fagmiljø. For Petekas utdanning boreteknologi er berre eitt av dei 17 faglege krava til fagskuleutdanning oppfylte. Fleire sentrale element i utdanninga har vesentlege manglar, slik som læringsutbytteskildringar, innhaldet i utdanninga, undervisningsformer og pedagogisk opplegg samt fagmiljøet tilknytt utdanninga.

Det er i dag 135 registrerte studentar ved boreteknologiutdanninga. Lund peikar på at Peteka er ansvarleg for å finne alternative opplegg for desse studentane, i tilfelle fagskulen mister retten til å tilby utdanningane.

–  NOKUT er i dialog med Peteka for å sikre at ein plan for å ivareta studentane vil kome på plass innan fristen 13. mai.

Aldri starta opp utdanninga i brønnservice

Utdanninga brønnservice har aldri vore i drift, og Peteka har ikkje levert dokumentasjon om denne utdanninga til NOKUT. Den sakkunnige komiteen har derfor berre gjort ei fagleg vurdering av utdanninga boreteknologi. NOKUT si administrative vurdering av dei grunnleggjande føresetnadene for å tilby fagskuleutdanning gjeld derimot for begge utdanningstilboda, og denne vurderinga har avdekt omfattande manglar i fagskulen sitt reglement, styrevedtekter og system for kvalitetssikring.

Les vedtak og rapport revidering av Boreteknologi og brønnservice ved Peteka

 

Share Del med andre
Logo: Peteka