– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningen

Søk

Åtte utdanningar ved Høgskolen i Østfold ikkje godkjent

Åtte utdanningar innan eigedoms- og byggfag som Høgskolen i Østfold tilbyr i samarbeid med Norges Eiendomsakademi fyller ikkje krava i studietilsynsforskriften. Manglane er i hovudsak knytt til fordelinga av ansvar for utdanningane og fagmiljøets kompetanse. NOKUT har gitt høgskulen ein frist til 15. mars 2017 til å dokumentere at studia fyller krava.

NOKUT har gjennomført eit omfattande  tilsyn med utdanningar som universitet og høgskular tilbyr i samarbeid med eksterne aktørar.  Dei åtte utdanningane innan eigedoms- og byggfag ved Høgskolen i Østfold var blant dei.

Høgskolen i Østfold har eit utstrekt samarbeid med Norges Eiendomsakademi om studietilbod innan eigendoms- og byggfag. Studia blir tilbydd som oppdragsstudium der samarbeidspartnaren står for undervisinga, medan høgskulen mellom anna har ansvaret for opptak, eksamensavvikling og oppnemning av sensor.  Kvar av dei åtte utdanningane som er revidert av NOKUT, har eit omfang på mellom 15 og 30 studiepoeng. Dei er alle på bachelorgradsnivå.

– Tilsynet vårt har avdekt at Høgskolen i Østfold ikkje har teke tilstrekkeleg omsyn til dei krava som er sett til fagmiljøet sin kompetanse og tilsettingsforhold. Dei tilsette ved høgskulen må sjølv ta ansvaret for større delar av undervisinga. NOKUT har gitt høgskulen ei frist til 15. mars 2017 til å rette opp i dette forholdet, seier tilsynsdirektør Øystein Lund.

Institusjonane har ikkje høve til å delegere vesentlege delar av ansvaret for studietilbodet til ein samarbeidspartnar som ikkje har rett til å tilby høgare utdanning. Minst halvparten av dei som underviser må vere tilsette i hovudstilling ved institusjonen, og blant desse må det vere nokon som har førstestillingskompetanse i sentrale delar av studiet.

Lund meiner mange har noko å lære av denne saka:

– Også andre institusjonar som har slikt samarbeid som no er avdekka må ta rapporten frå tilsynet med Høgskolen i Østfold til etterretning, og sjå til at utdanningane dei tilbyr i samarbeid med eksterne aktørar, er i samsvar med studietilsynsforskriften.

Dersom høgskulen ikkje kan dokumentere at studietilboda innan mars 2017 er i samsvar med krava i studietilsynsforskrifta, blir akkrediteringa for studia trekt tilbake. NOKUT vil vedta ein ny studietilsynsforskrift hausten 2016. Fristen  er satt for å gje høgskulen tid til også å kunne tilpasse dei manglane som er påpeika i studietilboda til krava i den nye forskrifta.

Les vedtak og rapport – revidering av studier innen eiendoms- og byggfag ved Høgskolen i Østfold

 

Share Del med andre
Logo: Høgskolen i Østfold