Høgskulen i Lillehammer fekk fyrsteprisen på kr. 500 000 for prosjektet ”BOL-studiet – en prakademisk utdanning av unge studenter innen HR”. Andrepris og kr. 300 000 gjekk til Universitetet i Oslo, og prosjektet ”Computing in Science Education - Beregninger i realfagsutdanninga (CSE-prosjektet)”. Tredjepris og kr. 200 000 gjekk til Høgskolen i Gjøvik, for prosjektet ”Simuleringssenteret”.

Alle vinnarane samla. Frå venstre: Anders Malthe-Sørenssen, Knut Morken, Hanne Sølna (UiO), kunnskapsminister Kristin Halvorsen, Håkon Sørum, Terje Ødegården(HiG), Line Dobrowen, Torgeir Skyttermoen, Jens Uwe Korten (HiL).
Bakgrunn
Kunnskapsdepartementet sin utdanningskvalitetspris blir delt kvart år ut i samanheng med NOKUT-konferansen. Prisen er på 1 million kroner og blir forvalta av NOKUT.
Det kom i alt 17 søknadar frå 15 institusjonar, av desse var 6 frå universitet, 2 frå vitskaplege høgskular, 6 frå statlege høgskular og 3 frå private høgskular.
Les meir om komitéen si grunngiving
Les omtale på nettsida til Kunnskapsdepartementet
Se flere bilder fra prisutdelingen