Ein ny NOKUT-rapport er ein gjennomgang av anbefalingar frå sakkunnige komitear og resultat frå ei spørjeundersøking og intervju med leiarar og fagpersonar i institusjonar som hadde ansvar for akkrediteringssøknader i åra 2003-2009.
Rapporten konkluderar med at dei fleste representantane frå institusjonane som blei intervjua stort sett var nøgde med prosessen og dei anbefalingane som dei fekk.
Innhaldet i anbefalingane ved institusjonsakkrediteringar gjeld stort sett dei same tilhøva, anten det dreier seg om universitet eller høgskolar, til dømes at organiseringa av verksemda må samsvare betre med hovudsatsingane, at forskingsaktiviteten og kompetansenivået i undervisninga må styrkast og at studentrekrutteringa må sikrast. Dei fleste formuleringane er heller generelle, sjølv om ein og finn døme på konkrete forslag som rettar seg mot spesielle tilhøve ved institusjonen. Anbefalingar i programakkrediteringar er meir varierte og detaljerte, men mange av dei gjeld sikring og vidareutvikling av fagpersonalet sin kompetanse.
Anbefalingane er fyrst og fremst av verdi for NOKUT sjølve i vår rådgivning overfor høgare utdanningsinstitusjonar, men vil også kunne vere av interesse for leiarar og fagpersoner som har ansvar for komande akkrediteringsprosessar.
Les rapporten her (pdf)