Studentar og dei fagleg tilsette ueinige om studiekvalitet

I rapporten "NOKUTs kvalitetsbarometer 2011" kjem det fram at studentane vurderer eksamensformene og den faglege rettleiinga dei får som svak og undervisningskvaliteten som middels. Sine eigne føresetnadar for å studere vurderer dei derimot som høge.

I undersøkinga blir både dei fagleg tilsette og studentar bedt om å vurdere ulike forhold ved studiekvalitet på ein skala frå 0 til 7. På mange måtar er studentane si oppfatning  spegelvend i høve til dei fagleg tilsette. NOKUT gjennomførte i fjor ei tilsvarande undersøking, men då var studentane ikkje inkluderte.

At svarprosenten blant studentane var noko låg, tilseier likevel varsemd i tolkinga av denne delen av talmaterialet.

Dei fagleg tilsette

Funna frå fjoråret blir stadfesta med omsyn til dei faglege tilsette, som systematisk vurderer dei forholda deira eige fagmiljø er ansvarleg for til å ha høg kvalitet. Dei forholda ved studiekvalitet som institusjonen er ansvarleg for, blei tillagt klart svakare vekt. Dette gjeld tilrettelegging, planlegging, leiing og ressurstilførsle, samt verdien av eit kvalitetssikringssystem. Dessutan får studentane sine startføresetnader og arbeidsinnsats ein låg score av dei fagleg tilsette.

Gjennomsnittleg "tilfredsstillande"

Det store biletet er likevel at både dei fagleg tilsette og studentane friskmelder norsk høgre utdanning, på den måten at alle forhold ved utdanningskvalitet det blir spurt om, i  gjennomsnitt blir vurdert som «tilfredsstillande» av begge gruppene. Når ein går ned på nivået til dei einskilde studietilboda, gir undersøkinga grunnlag for å tru at kvaliteten er ujamn.

Ikkje veldig overraskande

- Resultata er ikkje veldig overraskande, seier NOKUTs direktør Terje Mørland i ein kommentar. - Utdanningskvalitet er ein kompleks materie. Det er naturleg at kvaliteten kan fortone seg ein del annleis sett frå ein rein akademisk, fagleg ståstad, frå studentane si side eller frå ein arbeidsgivar.

Les samandrag

Les heile rapporten (pdf)

Studentar og dei fagleg tilsette ueinige om studiekvalitet

Illustrasjon: NOKUTs utredninger og analyser