- Vi treng robuste godkjenningsordningar!

- Det skal ikkje mykje til for at det utviklar seg mistillit til ei godkjenningsordning. Det arbeidet NOKUT gjer på dette området og den kompetansen dei har, er heilt avgjerande, sa Tora Aasland på NOKUTs fagkonferanse om utanlandsk utdanning.

Konferansen fann stad på Gardermoen 28. og 29. november og samla nær 300 deltakerar.

Statsråden var oppteken av at vi utviklar betre system og reiskapar for å avdekke juks.
- Her er NOKUT ein spydspiss, heldt Aasland fram. Statsråden kopla vidare godkjenning av utanlandsk utdanning til utviklinga av dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka:

Noreg har ein viktig arv

- Vi vil vedta eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring. Dette kan på sikt lette godkjenning frå andre land som også har kvalifikasjonsrammeverk, da rammeverka er utvikla blant anna for å lette mobilitet, opplyste ho.

- Vi tildeler Nansen-passet og Nobels fredspris. Dette er ein viktig arv, som gjer at vi må få på plass ordningar som medverkar til at personar frå land langt borte får godkjent utdanninga si, sa Aasland. I denne samanhengen framheva ho kor viktig den såkalla "Flyktningordninga" vil vere. NOKUTgjennomfører nå eit prosjekt med sikte på å forbetre denne ordninga, som er retta mot dei som ikkje har mogelegheit til å dokumentere si utdanning når dei kjem til Norge.

Service og kvalitetssikring

NOKUTs direktør Terje Mørland sette, før statsråd Aasland fekk ordet, tonen for konferansen ved å fokusere på godkjenning i ein samfunnskontekst.

- Vi ønsker å binde konferansen saman med det som er rasjonalet for heile godkjenningsfeltet, nemlig Noregs behov for utanlandsk kompetanse, sa Mørland.

På same måte som statsråd Aasland reflekterte Mørland over spenningsfeltet mellom service, som går ut på å hjelpe dei som har utanlandsk utdanning, og kvalitetssikring, som går ut på å beskytte. Desse to omsyna går ikkje alltid hand i hand, opplyste han.

Konstituert avdelingsdirektør Rolf Lofstad ved Avdeling for utanlandsk utdanning i NOKUT orienterte i plenumssesjonen på konferansens første dag om NOKUTs godkjenningsarbeid og anna arbeid med utenlandsk utdanning.

Statoil rekrutterer mange frå utlandet

Statoil er ein stor, norsk arbeidsgjevar som kvart år tilset omlag 1500 personar, av desse kjem 20 % frå utlandet. Magne A. Hovden, direktør i Personal og organisasjon i Statoil ASA, sa at samarbeidet med NOKUT er avgjerande for selskapet.

- Vi har utvikla eit globalt rekrutteringssystem, med samarbeidspartnarar som i stor grad leverer den kvaliteten vi krev. Vi må vere grundige når vi sjekkar bakgrunnen og kompetansen til søkjarane. Det tar ”eit godt stykke tid” å gjennomføre slik sjekking, men det er ein kostnad vi meiner er nødvendig, opplyste Hovden.

- Vi treng robuste godkjenningsordningar!

NOKUTs direktør, Terje Mørland (over)

Magne A. Hovden, direktør i Personal og organisasjon i Statoil ASA