Langtidsplan for tematiske prioriteringar

NOKUT har utarbeidd ein langtidsplan for tematiske prioriteringar for perioden 2012-2014. Planen er eit supplement til NOKUT sin strategiske plan og skal vere rettesnor for NOKUT sine prioriteringar i perioden.

- Langtidsplanen inneheld prioriterte tema som NOKUT meiner har stor aktualitet for utdanningskvalitet. Planen skal vere rettesnor for prioritering av NOKUT sin innsats på dei områda der NOKUT sjølv kan setje dagsorden, det vil seie særleg tilsynet med eksisterande utdanning, utgreiings- og analyseprosjekt og tema for konferansar og seminar. Dette seiar Terje Mørland, NOKUT sin direktør.

Grunnlag for prioriteringar og kommunikasjon

Dei tematiske prioriteringane kjem som eit supplement til NOKUT sine søknadsbaserte og sykliske oppgåver, som evaluering av institusjonane sine system for kvalitetssikring, godkjenning av nye utdanningar, akkreditering av institusjonar og andre faste oppgåver på feltet.

- Kva for tema som konkret skal realiserast frå år til år og korleis det skal skje, avgjerast i dei årlege plan- og budsjettprosessane og vil avhenge av tilgjengelege ressursar. I tillegg til å vere rettesnor for intern prioritering vil langtidsplanen vere eit viktig grunnlag for NOKUT sin kommunikasjon med sektoren i arbeidet med å fremje god studiekvalitet, utdjupar Mørland.

Basert på kunnskap og erfaringar

- Utgangspunktet for val av tematiske prioriteringar er NOKUT sin kunnskap og erfaring frå tilsyn og anna arbeid med studiekvalitetsutvikling, og representerer tema vi meiner kan ha stort potensial for å gi positive effektar på studiekvalitet. Samtidig er det lagt vekt på at prioriteringane skal vere forankra i forskrifta og strategien til NOKUT og ikkje overlappe med tema som andre aktørar enn NOKUT tar betre vare på, forsikrar Mørland.

Han opplyser også at fleire av tema er naturlege område for samarbeid mellom NOKUT, institusjonane og andre aktørar.

  • område NOKUT meiner har fått for lita merksemd i vårt eige eller sektoren sitt arbeid
  • område der vi basert på erfaring meiner "skoen trykker"
  • utfordringar og mulegheiter som vi veit sektoren og/eller NOKUT står overfor i åra som kjem
  • område vi meiner kan vere viktige, men der vi har for liten kunnskap

Dette inneber at nokre tema vil gjelde alle typar utdanning, mens andre tema er knytte til spesifikke utdanningsnivå eller utdanningstypar.

Kategoriserte tema

Under val av tema er det eit medvite fokus på å identifisere faktorar som kan påverke utdanningskvalitet på programnivået. Temaa er derfor grupperte i tre kategoriar som dekkjer eit studieløp frå start til mål:

  • innsatsfaktorar ved lærarstaden
  • studentane sine forkunnskapar
  • sjølve utdanninga: plan, gjennomføring og læringsutbytte

I tillegg er det inkludert ein fjerde kategori om vidareutvikling av tilsynsmodellen og NOKUT sine arbeidsformer.

Les mer om NOKUT sin strategi og dei tematiske prioriteringane her

Langtidsplan for tematiske prioriteringar

Bilde: Terje Mørland, direktør NOKUT