Første Senter for framifrå utdanning

NOKUT ga idag «Centre for Professional Learning in Teacher Education» (ProTEd) ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø status som Senter for framifrå utdanning (SFU).

Senteret fekk SFU-status i ein søknadsbasert konkurranse for lærarutdanningane basert på følgjande hovekriterium:

  • Kvalitet i noverande utdanning
  • Planen for verksemda til senteret, medrekna planar for innovasjon og spreiing

Søknaden frå Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø blei av den sakkunnige komiteen som har vurdert søkjarane vurdert som den beste ut frå ei samla vurdering etter desse to hovudkriteria. NOKUT sitt styre stilte seg i dag bak komitéen si innstilling og vedtok å gi ProTed SFU-statusen.

Om prisvinnaren

ProTEd er eit samarbeid mellom Universitet i Oslo (UIO) og Universitetet i Tromsø (UIT). Ideen bak senteret er å utvikle ei forskingsbasert og heilskapleg lærarutdanning i samarbeid med partnarskolar, dvs. ein djup integrasjon av forsking, utdanning og praksis. Senteret skal nyttiggjere seg UiTs tette samspel med praksisfeltet sine utviklingsprosessar, og UiOs svært omfattande forskingsmiljø.

Senteret skal vere etablert og klart for drift seinast 30. juni 2012. Senterstatus gjeld frå og med studieåret 2011/2012 til og med studieåret 2015/2016, med mulegheit for forlenging i ytterlegare fem år. Senteret får ei årleg løyving på fire millionar kroner.

Komiteen si grunngiving

Universitetene har igjennom ProTEd i følgje komiteen samla sett gode føresetnader for å drive den verksemda som er beskriven i søknaden, og gode mulegheiter for spreiing av kunnskap og erfaringar av verdi for utvikling av lærarutdanning nasjonalt. Samarbeidet mellom dei to universiteta er i seg sjølv eit uttrykk for dette, påpeker komiteen.
 
- Komiteen meiner at senteret sitt potensial for spreiing av kunnskap vil styrke kvaliteten i lærarutdanninga nasjonalt. Dette potensialet er blant anna basert på samspelet mellom dei to universiteta og senteret sin sterkt innovative karakter, seier leiaren for den sakkunnige komiteen, Jørgen Thorslund.

Om SFU-ordninga

NOKUT blei i 2010 gitt i oppdrag av Kunnskapsdepartementet (KD) å forvalte ordninga med Sentre for framifrå utdanning (SFU) i høgare utdanning på bachelor- og masternivå. Status som Senter for framifrå utdanning kan bli gitt til miljø som alt kan vise framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga.

Lærarutdanninga blei peika ut som "pilot". Det vil seie at berre institusjonar som tilbyr grunnskulelærarutdanning, førskulelærarutdanning, yrkesfaglærarutdanning, faglærarutdanning eller fem-årige integrerte mastergradsprogram (lektorprogramma), kunne søkje i denne runden. Ved søknadsfristens utløp sommaren 2011 var det kome inn 8 søknader frå 12 institusjonar, kor 4 gjekk vidare etter ei innleiande vurdering.


Det er førebels ikkje avklart når neste utlysing av SFU vil skje. Det er KD som avgjer dette.
- NOKUT har gitt departementet råd om full utlysing av ordninga så raskt som mogeleg. Med dette meiner vi at alle typar fagområde skal kunne søkje om SFU-status, seier styreleiaren i NOKUT, Petter Aaslestad.

SFU er eit verkemiddel for å stimulere utdanningskvalitet på ein ny måte. Ordninga er i tillegg eit viktig signal om at utdanning og forsking er sidestilte oppgåver for universitet og høgskular.

- Institusjonane har mobilisert gjennom denne fasen med pilotutlysinga. Vi har fått signal omt at mange no ventar på neste utlysing, seier NOKUTs direktør, Terje Mørland.
Før neste utlysing vil NOKUT evaluere senterkonseptet og pilotfasen så langt, for eventuelt å justere enkelte av elementa som inngår i SFU-modellen.

Les komiteens vurdering av søknadene (pdf)

Les meir om senterordninga og utveljingsprosessen

Kontakt:
For komiteen si grunngiving: Utdanningsdirektør Jørgen Thorslund,  jpnt@ucl.dk,  mob +45 2916 3148
Om prosessen: seniorrådgivar i NOKUT, Katrine Nesje, tlf. 21 02 18 27, mob 95 76 90 90

Første Senter for framifrå utdanning

Bilde: Petter Aaslestad, styreleder NOKUT
 

Bilde: Jørgen Thorslund




Bilde: Jørgen Thorslund, leiaren for den sakkunnige komiteen.