Det blei valt eit interimsstyre på syv blant dei 80 student-representantane frå fagskulane som var samla i Lørenskog 7.-8. november. - NOKUT ser fram til eit godt samarbeid med den nye studentorganisasjonen seier NOKUT sin direktør, Terje Mørland.
Den nye studentorganisasjonen skal stiftast på nyåret. På konferansen heldt forskings- og høgre utdanningsminister Tora Aasland ein helsingstale til studentane. Konferansen sin første dag hadde ei fagleg vinkling. Helge Halvorsen, leiar for nasjonalt fagskuleråd, opna konferansen. I løpet av dagen var det innlegg frå Forbundet for Ledelse og Teknikk ved Ottar Kaldhol, Forum for Fagskoler ved Knut Erik Beyer-Arnesen og NOKUT ved Bjørn R. Stensby.
NOKUT sitt innlegg hadde overskrifta "Fagskolestudentenes rettigheter". Dette med bakgrunn i at eit av dei to formåla med fagskulelova er å sikre studentane sine vilkår.
I ein kommentar seier NOKUT sin direktør at heile fagskulesektoren har gjennomgått ei profesjonalisering dei siste åra. - I fjor blei det nasjonale fagskulerådet oppretta. I haust rapporterte fagskulane for første gong inn fagskulestatistikk til ein database. Det er svært gledeleg og nødvendig at studentane til vinteren får sin eigen organisasjon. NOKUT har som oppgåve å føre tilsyn med kvaliteten i fagskuleutdanningane, slik at NOKUT og studentane her har mange samanfallande interesser, understrekar Mørland.