Ein sakkunnig komité skal står for den faglege vurderinga i samband med søknad om akkreditering av studietilbod eller institusjon. Komiteen har vanlegvis frå to til fem medlemmer.
Rapport og råd
Komiteen skriv ein rapport kor den konkluderar om studiet eller institusjonen fyller krava i NOKUT si forskrift. Komiteen skal òg gje institusjonen råd om kva for forbetringar dei bør setje i verk. Saman med tilsvaret frå institusjonen er rapporten grunnlaget for vedtaket til NOKUT.
NOKUT har utarbeid mandatmalar for sakkunnige oppdrag. Sjå mandatmalane for:
Rolla til institusjonane
Før den sakkunnige komiteen blir utnemnd, får institusjonen uttale seg om samansetjinga av komiteen. Institusjonen får og kommentere den endelege rapporten frå den sakkunnige komiteen.