Evalueringane blir utførde av komité med sakkunnige som er oppnemnd av styret til NOKUT. Styret fastset også krava til kompetanse for dei sakkunnige.
Krav til sakkunnig kompetanse
Ein sakkunnig komité skal setjast saman slik at den har følgjande kompetanse:
- Alle sakunnige skal ha erfaring frå kvalitetsarbeid eller evaluering
- Minst ein i komiteen skal ha fagleg kompetanse på professor/dosentnivå.
- Minst ein i komiteen skal ha erfaring frå leiing på institusjonsnivå.
- Mint ein i komiteen skal ha tilknytning til relevant utanlandsk institusjon
- Komiteen skal ha studentrepresentant med erfaring frå institusjonsstyre, leiing eller andre sentrale tillitsverv. Desse vil bli rekruttert etter forslag frå NSO.
Ynskjer du å bli sakkunnig?
Styret oppnemner kvar haust ein pool av sakunnige som blir brukt i komitear for evaluering av system for kvalitetssikring. Dersom du fyller eit eller fleie av krava over ynskjer vi å rekruttere deg som sakkunnig. Det er også ei føremon med erfaring med å utvikle studieprogram og læringsmål og/eller utviklingsarbeid knytt til læringsmetodar og evalueringsformer.
Dersom du er interessert i å bli sakkunnig for NOKUT sine evalueringar av kvalitetssystem ber vi deg fylle ut dette skjemaet og sende det til sakkyndig@nokut.no Vi tar kontakt med dei aktuelle og ber om CV. I utveljinga vil vi i tillegg til nemnde kvalifikasjonar, også legge vekt på ei god fordeling med omsyn til kjønn, geografi og fagleg bakgrunn.
Meir informasjon
Nærare opplysningar kan du få av Knut.Arild.Nydal@nokut.no, telefon 21021856.