Ein sakkunnig komité står for den faglege vurderinga i samband med programevalueringar. Slike komitear er breitt samansette, med fleire sakkunnige med bakgrunn frå akademia, arbeidsliv, og studentar.
Komiteen gjer alle faglege vurderingar, og skriv ein rapport i samband med mandatet for evalueringa.
Samansetninga av komiteen kan variere frå evaluering til evaluering, og er blant anna avhengig av evalueringa sitt mandat. NOKUT sine kriterium for samansetning og oppnemning av sakkunnige komitear vert fylgt, men dei inneheld berre til dels retningslinjer for slike evalueringar.