Noreg har tre kategoriar av akkrediterte institusjonar som har ulike fullmakter til sjølv å etablere nye utdanningstilbod.
- Universitet
- Vitskapleg høgskole
- Høgskole
Utdanningsinstitusjonar som ikkje har institusjonsakkreditering, men har studietilbod akkreditert som høgre utdanning, kan og kalle seg høgskole.
Fullmakt
Institusjonskategoriane seier kva fullmakt institusjonen sjølv har til å etablere nye studietilbod utan å måtte søkje NOKUT om akkreditering. Dette kan noko forenkla visast på denne måten:
Fullmakt til å opprette nye studietilbod |
Universitet |
Høgskole* |
Høgskolar utan akkreditering |
| Studium av lågare grad |
|
|
|
| Mastergradsstudium |
|
|
|
| Doktorgradsstudium |
|
|
|
Dei grå rutene viser kva studietilbod institusjonen kan opprette. Dei raude rutene viser kva studietilbod institusjonen må søkje NOKUT om akkreditering for.
Høgskolar utan institusjonsakkreditering må søkje NOKUT om å opprette alle nye studietilbod, akkrediterte høgskolar må søkje om master- og doktorgradstilbod, medan universitet har sjølvakkrediteringsfullmakt til å opprette studietilbod på alle nivå.
* Vitenskapelige høyskoler har rett til å opprette studietilbud på alle nivå innen dei fagområdene kor dei har fått rett til å tildele doktorgrad. På andre fagområder gjeld same rettar som akkrediterte høgskolar.