Varsel
Etter at NOKUT sitt styre har gjort vedtak om kva institusjonar som skal evaluerast det påfølgjande året får dei aktuelle institusjonane varsel om evaluering. Dette skal sendast institusjonen minst seks månadar før evalueringa startar opp.
Sakkunnig komité
Evalueringa blir utført av ein sakkunnig komité som er oppnemnd av NOKUT. Institusjonen skal uttale seg om forslaget til komité. Den sakkunnige komiteen skal vurdere om institusjonen fyller dei krava til interne system for kvalitetssikring som er gitt i § 2-1 i forskrifta frå departementet og evalueringskriteria som blei fastsette av NOKUT 17. desember 2008. Vurderinga frå komiteen bygger på den dokumentasjonen av kvalitetssikring og kvalitetsarbeid som institusjonen legg fram, og på dei erfaringar komiteen gjer under besøk ved institusjonen.
Institusjonsbesøk
Den sakkunnige komiteen besøker institusjonen to gonger. Under det innleiande besøket som varer ein dag, har leiinga ved institusjonen og dei sakkunnige ein dialog kring status for institusjonen sitt kvalitetsarbeid, og om opplegget for hovudbesøket. I etterkant fastset komiteen program for hovudbesøket. Under dette besøket, som normalt varer 2-3 dagar, gjennomfører komiteen intervju med ulike grupper og studerer framlagt dokumentasjon.
Dokumentasjonskrav
Institusjonen skal sende NOKUT dokumentasjon på kvalitetssikringssystemet sitt fire til seks veker før det innleiande besøket ved institusjonen. NOKUT ber om:
- Presentasjon av institusjonen med oversikt over studietilbod
- Presentasjon av system for kvalitetssikring
- Dokumentasjon som viser årleg rapportering om kvalitetsarbeid til styret
- Eventuelt andre styrevedtak som har relevans for kvalitetssystemet
- Kort skriv frå institusjonen si leiing om status og utfordringar i kvalitetsarbeidet
Etter det innleiande besøket ber komiteen om utdjupande relevant dokumentasjon som komiteen får tilsend og/eller som skal vere tilgjengeleg for komiteen under hovudbesøket.
Rapport frå evalueringa
Komiteen skal nedfelle vurderingane, konklusjonane og anbefalingane sine i ein skriftleg rapport. Rapporten skal gje ein eintydig og underbygd konklusjon om systemet for kvalitetssikring ved institusjonen er tilfredsstillande. Komiteen skal òg gje råd om det vidare kvalitetsarbeidet ved institusjonen. For å kvalitetssikre dei faktiske opplysingane i rapporten, får institusjonen rapporten til gjennomsyn for korrigering av feil og manglar før den blir avlevert. Komiteen arbeider på oppdrag frå NOKUT, og leverer rapporten sin til NOKUT. Institusjonen vil få tilsend rapporten til fråsegn med ein frist på seks veker.
Vedtak
På grunnlag av rapporten og fråsegna frå institusjonen vil styret i NOKUT gjere vedtak om kvalitetssikringssystemet ved institusjonen kan godkjennast.