NOKUT skal sjå til at universiteta og høgskolane minst kvart sjette år får evaluert sine system for kvalitetssikring av utdanninga. NOKUT sitt styre gjer kvart år vedtak om kva institusjonar som skal få sine system evaluerte.
Det er utarbeidd reviderte kriterium og prosess for evalueringane i andre syklus. Frå og med 2010 blir alle kvalitetssikringssystema evaluert etter det reviderte kriteriesettet, men det gjenstår nokre institusjonar der evalueringa starta opp i 2009 som vil bli vurdert i forhold til kriteria frå 2003.
Evalueringar av akkrediterte institusjonar i 2010, andre syklus
- Norges Informasjonsteknologiske Høgskole
- Norges Musikkhøgskole
- Sjøkrigsskolen
- Universitetet for miljø- og biovitenskap
- Høgskolen i Ålesund
- Handelshøyskolen BI
- Universitetet i Agder
- Høgskolen i Bergen
- Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
Evaluering av akkrediterte institusjonar hausten 2010 eller våren 2011
- Høgskolen i Hedmark
- Høgskolen i Volda
- Norges idrettshøgskole
- Forsvarets høgskole
- Høgskolen i Finnmark
Evaluering av ikkje akkrediterte institusjonar 2009, første syklus
- Den norske Balletthøyskole
- Høgskolen for teologi og ledelse (ny evaluering)