Prosedyre for evaluering av kvalitetssikringssystem


Varsel

Etter at NOKUT sitt styre har gjort vedtak om kva institusjonar som skal evaluerast det påfølgjande året, får dei aktuelle institusjonane varsel om evaluering minst seks månadar før evalueringa startar opp.

Sakkunnig komité

Evalueringa blir utført av ein sakkunnig komité som er oppnemnd av NOKUT. Institusjonen skal uttale seg om forslaget til komité. Den sakkunnige komiteen skal vurdere om institusjonen fyller dei krava til interne system for kvalitetssikring som er gitt i § 2-1 i forskrifta frå departementet og evalueringskriteria i kapittel 3 i NOKUT si tilsynsforskrift. Vurderinga frå komiteen bygger på den dokumentasjonen av kvalitetssikring og kvalitetsarbeid som institusjonen legg fram, og på dei erfaringar komiteen gjer under besøk ved institusjonen.

Institusjonsbesøk

Den sakkunnige komiteen besøker institusjonen to gonger. Under det innleiande besøket som varer ein dag, har leiinga ved institusjonen og dei sakkunnige ein dialog kring status for institusjonen sitt kvalitetsarbeid, og om opplegget for hovudbesøket. I etterkant fastset komiteen program for hovudbesøket. Under dette besøket, som normalt varer 2-3 dagar, gjennomfører komiteen intervju med ulike grupper.

Dokumentasjonskrav

Institusjonen skal sende NOKUT dokumentasjon på kvalitetssikringssystemet sitt fire til seks veker før det innleiande besøket ved institusjonen. NOKUT ber om:

  • Presentasjon av institusjonen med oversikt over studietilbod

  • Presentasjon av system for kvalitetssikring (kvalitetshandbok)

  • Dokumentasjon som viser årleg rapportering om kvalitetsarbeid til styret

  • Kort skriv frå institusjonen si leiing om status og utfordringar i kvalitetsarbeidet

I perioden mellom dei to institusjonsbesøka skal institusjonen sende til NOKUT dokumentasjon som belyser dei områda i kvalitetsarbeidet som komiteen ønskjer å sjå nærare på.

Rapport frå evalueringa

Komiteen skal nedfelle vurderingane, konklusjonane og anbefalingane sine i ein skriftleg rapport. Rapporten skal gje ein eintydig og underbygd konklusjon om systemet for kvalitetssikring ved institusjonen er tilfredsstillande. Komiteen skal òg gje råd om det vidare kvalitetsarbeidet ved institusjonen. For å kvalitetssikre dei faktiske opplysingane i rapporten, får institusjonen rapporten til gjennomsyn for korrigering av feil og manglar før den blir avlevert. Komiteen arbeider på oppdrag frå NOKUT, og leverer rapporten sin til NOKUT. Institusjonen vil få tilsendt rapporten til fråsegn med ein frist på seks veker.

Vedtak

På grunnlag av rapporten og fråsegna frå institusjonen vil styret i NOKUT gjere vedtak om kvalitetssikringssystemet ved institusjonen kan godkjennast.