Norske universitet og høgskolar har sjølv ansvaret for å sikre kvaliteten i sine studietilbod. Institusjonane er pålagde å ha interne system for kvalitetssikring av utdanninga. Kvalitetssikringssystema skal sikre kontinuerlege forbetringar, dokumentasjon av arbeidet og avdekkje sviktande kvalitet.
Syklisk evaluering
NOKUT har fått i oppdrag å evaluere systemet for kvalitetssikring av utdanninga ved dei høgre utdanningsinstitusjonane, slik at det ikkje skal gå meir enn seks år mellom kvar evaluering av ein enkelt institusjon sitt system for kvalitetssikring. Evalueringane blir utførde etter krav som er gitt i forskrift frå Kunnskapsdepartementet og etter evalueringskriterium som NOKUT sjølv har fastsett. Institusjonane blir varsla om evalueringa minst seks månadar før evalueringa startar.
Kva omfattar ei evaluering?
Evalueringane skal omfatte både den strukturelle oppbygginga av systemet, den dokumentasjonen systemet produserer, og institusjonen sine eigne vurderingar av utdanningskvaliteten. Evalueringa har fokus på at systemet er heilskapleg og forankra i institusjonen si leiing, at det bringer fram nødvendig informasjon som blir analysert og formidla til dei som har ansvar, og at kunnskapen blir omsett til handling med sikte på forbetring og utvikling. Evalueringane blir utførde av komitear som består av eksterne sakkunnige.
Dersom kvalitetssikringssystema ikkje er tilfredsstillande
Dersom ei evaluering viser at kvalitetssikringssystemet til ein institusjon ikkje er tilfredsstillande, får institusjonen seks månadar til å rette opp dei aktuelle forholda. NOKUT vil deretter gjennomføre ei ny evaluering. Institusjonar som etter ei ny evaluering ikkje får godkjent kvalitetssikringssystem sitt mister retten til å søkje NOKUT om akkreditering av nye studietilbod. Akkrediterte institusjonar mister også den fullmakta dei etter lov om om universitet og høgskolar §3.3 har til sjølv å opprette nye studietilbod.