Alle søknader om akkreditering skal vere utforma slik det står i søkjarhandbøkene.
Kravet til ein søknad om akkreditering er knytt til nivå og kva søknaden gjeld. Standardar og kriterium er spesifiserte i dei ulike søkjarhandbøkene.
Søkjarhandbøkene
Desse er rettleiingar for institusjonar som vil søkje NOKUT om akkreditering. Søkjarhandbøkene inneheld:
- Krav til utforming av søknad
- Krav til dokumentasjonstandardar
- Kriterium for vurdering
- Prosedyre for klage
Last ned:
Arbeidsdokument
Standardar og kriterium for dei ulike kategoriane av akkreditering finnast i forskriftene frå Kunnskapsdepartementet og i frå NOKUT.
Søkjarhandbøkene tek utgangspunkt i og forklarar NOKUT sine standardar og kriterium for akkreditering. Søknad må innehalde dokumentasjon som dekkjer alle aktuelle punkt i søkjarhandboka.
Prosessen med å søkje er meint å vere kvalitetshevande i seg sjølv. Søkjarhandbøkene og NOKUT sine standardar og kriterium er reiskapar i prosessen.
Søkjarhandbøkene blir endra i tråd med dei erfaringane og tilbakemeldingane som NOKUT får. Det er difor særs viktig at søkar syter for å laste ned siste utgåva av handboka.