Akkrediterte institusjonar

Ein akkreditert institusjon kan sjølv opprette studietilbod som ligg innafor ramma av fullmakta, utan å måtte søkje NOKUT om akkreditering.

I Noreg har vi tre hovudkategoriar av institusjonar som er akkrediterte for høgre utdanning:

  • Universitet
    Har rett til å opprette studietilbod på alle nivå.

  • Vitskaplege høgskolar
    Har rett til å opprette studietilbod på alle nivå innafor fagretninga til høgskolen.

  • Akkrediterte høgskolar
    Har rett til å opprette studietilbod til og med bachelornivå. Dersom ein akkreditert høgskole ønskjer å opprette studietilbod over dette nivået, må han søkje om akkreditering frå NOKUT.
     

Høgskolar som ikkje er akkrediterte 

I tillegg finst det private institusjonar som ikkje er akkrediterte, men som likevel har studietilbod akkreditert som høgre utdanning.

Institusjonar som ikkje er akkrediterte, men som tilbyr akkrediterte studietilbod, kan kalle seg høgskole.