Akkreditering av institusjon

Tilsynet med høgre utdanning tar utgangspunkt i at institusjonane er plasserte i kategoriar med ulike fullmakter til å opprette utdanningstilbod på dei forskjellige gradsnivå bachelor, master og ph.d.

Ordninga med institusjonskategoriar med ulike fullmakter opnar for at ein institusjon kan søkje institusjonsakkreditering i ein annan kategori og dermed få utvida fullmakter.


NOKUT vurderer om institusjonen tilfredstiller standardar og kriterium for akkreditering i den aktuelle kategorien. Dersom NOKUT finn at så er tilfelle, er det til slutt Kunnskapsdepartementet som ut frå ei heilskapleg vurdering avgjer om ein institusjon blir flytta over i den aktuelle kategorien.