Dei norske høgre utdanningsinstitusjonane er plasserte i kategoriane universitet, vitskapleg høgskole og høgskole med ulike fullmakter til å opprette utdanningstilbod innan dei tre gradsnivåa.
Institusjonar som ønskjer å tilby eit studietilbod dei ikkje har fullmakt til å etablere, må søkje NOKUT om akkreditering. NOKUT gjer ei fagleg vurdering av om studietilbodet fyller eit sett av standardar og kriterium.
Etter at eit studietilbod er akkreditert av NOKUT, må det bli godkjent av Kunnskapsdepartementet før det kan etablerast. Departementet vurderer etableringa ut frå behov og arbeidsdeling. NOKUT har fullmakt til å fatte endeleg vedtak om akkreditering for studietilbod på mellom eit halvt og to år.
Finn informasjon om:
Akkreditering av fellesgrad
Norske institusjonar for høgre utdanning kan søkje om akkreditering av nasjonale og internasjonale fellesgradar. For internasjonale fellesgradar er det ein føresetnad at samarbeidsinstitusjonane er akkrediterte/offentleg godkjende og at dei aktuelle studia er akkrediterte som høgre utdanning på same nivå som fellesgraden.