Alle institusjonsakkrediteringane frå NOKUT blir publiserte i form av ein rapport. Evalueringa blir gjort av ein sakkunnig komité som vurderer om institusjonen tilfredsstiller krava til akkreditering ut frå departementet sine standardar og NOKUT sine kriterium.
På grunnlag av rapporten og institusjonen si fråsegn om denne, gjer styret i NOKUT vedtak om akkreditering. I denne databasen finst alle rapportane som er behandla av NOKUT sitt styre. Der ligg også institusjonen si fråsegn om rapporten og vedtaket til NOKUT.
Databasen inneheld også rapportar som har ført til at institusjonar har fått negativt vedtak. Dersom det er gjort ei ny evaluering av institusjonen, er begge dei sakkunnige rapportane tilgjengelege.