NOKUT er tilsynsorgan for utdanning ved alle norske universitet, vitskaplege høgskolar, høgskolar og institusjonar som har fått akkreditert enkeltståande høgskoleutdanningar. NOKUT fører tilsyn med dei interne systema for kvalitetssikring av utdanninga ved institusjonane og med at deira utdanningstilbod fyller nasjonale kvalitetsstandarder.
Tilsynet skjer med utgangspunkt i at ansvaret for utdanningskvaliteten ligg hos institusjonen som tilbyr utdanninga. Dette er heimla i lov om universitet og høgskolar og tilhøyrande forskrift gitt av Kunnskapsdepartementet. Forskrifta inneheld m.a. nasjonale standardar og kriterium. NOKUT set utfyllande standardar og kriterium i eigne forskrifter. Til saman utgjer desse den nasjonale standarden som tilsynet til NOKUT byggjer på.
Tilsynet skjer med få unnatak ved bruk av sakkunnige komitear. Det primære formålet er å kontrollere at utdanninga har tilfredsstillande kvalitet. Tilsynet har likevel ein dobbeltfunksjon i det NOKUT også gir rettleiande råd om korleis institusjonen kan vidareutvikle utdanningskvaliteten og kvalitetsarbeidet.
Tilsynsmodellen
Tilsynsmodellen for høgre utdanning tar utgangspunkt i at institusjonane er plasserte i institusjonskategoriar med fullmakter til å opprette utdanningstilbod på forskjellige gradsnivå. Tilsynsmodellen har følgjende komponenter:
Tilsyn med dei interne systema for kvalitetssikring av utdanninga ved institusjonane.
Dette blir gjort gjennom:
Tilsyn med at utdanningstilboda tilfredsstiller nasjonale standardar
Dette skjer på to måtar:
- Akkreditering av nye utdanningar etter søknad frå ein institusjon som ikkje sjølv har fullmakt til å opprette den aktuelle utdanninga.
- Tilsyn med etablerte utdanningar
Alle utdanningstilbod ved alle institusjonar kan bli reviderte, også dei som institusjonane har oppretta på sjølvakkrediteringsfullmakt. Opplegget for tilsynet med etablerte utdanningar er under vidareutvikling og vil bli justert i løpet av 2010.
Ordninga med institusjonskategoriar med ulike fullmakter opnar for at ein institusjon kan søkje NOKUT om institusjonsakkreditering i ein annan kategori med utvida fullmakter.
Les meir om institusjonskategoriar
I tillegg til tilsynsaktivitetane gjennomfører NOKUT utgreiingar, analysar og evalueringar som har som formål å bringe fram og formidle kunnskap som institusjonane og styresmaktene kan bruke i sitt arbeid med å forbetre utdanningane.
Les meir om utviklingsaktivitetane