Evaluering av ingeniørutdanningen

Som varsla i St.prp. 1 2005–06 ba Kunnskapsdepartementet i 2006 NOKUT om å evaluere alle tre-årige utdanningar som følgde rammeplanen for ingeniørutdanning. Evalueringa blei avslutta 18. september 2008.

Oppdraget var å skaffe eit best mogeleg kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle utdanningane, ved å vurdere alle element som er viktige for kvaliteten i utdanninga. Evalueringa skulle ha eit særleg fokus på relevansen ved utdanninga og på samhandlinga med arbeidslivet.


Resultat frå evaluering av ingeniørutdanninga


NOKUT arrangerte sluttkonferanse for evaluering av ingeniørutdanning 18. september 2008.

• Les samandrag av viktige konklusjonar og tilrådinger

• Summary of key conclusions and recommendations

• Del 1: Hovudrapport
Rapporten inneheld dei viktigste resultata frå evalueringa
 
• Del 2: Institusjonsrapport
I denne rapporten blir evalueringsresultata presentert institusjonsvis.
 
• Del 3: Fagleg rapport
I rapporten blir det faglege nivået i dei treårige ingeniørutdanningane vurdert opp mot rammeplanene, og med utgangspunkt i fag- og emneplanar fra året 2006-2007. Rapporten finst i NOKUTs arkiv.

• Del 4: Avtakarrapporten
Rapporten er basert på to undersøkingar i verksemder som tilset ingeniørar.

• Les Kunnskapsdepartementets pressemelding om Evaluering av ingeniørutdanninga