I følgje lov om universiteter og høyskoler skal alle institusjonar som tilbyr høgre utdanning ha eit system for kvalitetssikring av utdanninga. NOKUT har fått i oppdrag å evaluere institusjonane sine system for kvalitetssikring. Det skal ikkje gå meir enn seks år mellom kvar gong ein institusjon sitt kvalitetssystem vert evaluert.
Den sakkunnige komiteen som har evaluert system for kvalitetssikring av utdanninga ved Høgskulen i Volda besøkte institusjonen 30. mars og 26. – 27. mai 2011, og leverte rapporten 15. juli 2011.
Vedtak
Følgjande vedtak vart gjort i NOKUTs styre 18. oktober 2011:
- System for kvalitetssikring av utdanninga ved Høgskulen i Volda vert godkjent.
Dokumentet under inneheld rapporten frå den sakkunnige komiteen, fråsegna til denne frå Høgskulen i Volda, samt merknad frå sakkunnig komité til fråsegna. Desse dokumenta var grunnlag for behandlinga i NOKUTs styre.
Last ned heile dokumentet: