Akkrediterte institusjonar

Ein akkreditert institusjon kan sjølv opprette studietilbod som ligg innafor ramma av fullmakta, utan å måtte søkje NOKUT om akkreditering.

I Noreg har vi tre hovudkategoriar av institusjonar som er akkrediterte for høgre utdanning:

  • Universitet
    Har rett til å opprette studietilbod på alle nivå.

  • Vitskaplege høgskolar
    Har rett til å opprette studietilbod på alle nivå innafor fagområdet til høgskolen.

  • Akkrediterte høgskolar
    Har rett til å opprette studietilbod til og med bachelornivå. Dersom ein akkreditert høgskole ønskjer å opprette studietilbod over dette nivået, må han søkje om akkreditering frå NOKUT.
     

Høgskolar som ikkje er akkrediterte 

Private institusjonar som ikkje er akkrediterte, men som har studietilbod akkreditert som høgre utdanning, kan kalle seg høgskole.

Høgskolar som ikkje er akkrediterte, men som tilbyr akkrediterte studietilbod.