– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningen

Søk

Faglege anbefalingar som verkemiddel for kvalitetsutvikling i høgre utdanning

I NOKUTs prosessar med akkreditering av høgre utdanning, både institusjonar og studietilbod, skal dei sakkunnige komiteane også gi anbefalingar til dei søkarinstitusjonane som får positivt svar, om korleis dei kan utvikle kvaliteten utover dei formelle krava. Det er då opp til dei einskilde institusjonane om dei vil ta omsyn til desse anbefalingane, og korleis eventuelle tiltak vert gjennomført. Målet med denne studien har vært å få betre innsyn i korleis anbefalingane blir følgt opp, kva verknader dei kan ha på kvaliteten, og kva som eventuelt kan gjerast betre frå NOKUT si side.

Rapporten bygger på ein gjennomgang av anbefalingar som dei sakkunnige komiteane har gitt og samanfattar resultat frå ei spørjeundersøking og frå intervju med leiarar og fagpersonar i institusjonar som hadde ansvar for akkrediteringssøknader i åra 2003-2009.

Samandrag

Innhaldet i anbefalingane

Innhaldet i anbefalingane ved institusjonsakkrediteringar gjeld stort sett dei same tilhøva, anten det dreier seg om universitet eller høgskolar, til dømes at organiseringa av verksemda må samsvare betre med hovudsatsingane, at forskingsaktiviteten og kompetansenivået i undervisninga må styrkast og at studentrekrutteringa må sikrast.  Dei fleste formuleringane er heller generelle, sjølv om ein og finn døme på konkrete forslag som rettar seg mot spesielle tilhøve ved institusjonen. Anbefalingar i programakkrediteringar er meir varierte og detaljerte, men mange av dei gjeld sikring og vidareutvikling av fagpersonalet sin kompetanse.

Representantane frå institusjonane nøgde

Representantane frå institusjonane som blei intervjua var stort sett nøgde med prosessen og dei anbefalingane som dei fekk. Særleg gjeld dette for institusjonsakkrediteringar. Nokre av dei veikskapane som komiteane peika på var institusjonane sjølve klar over og hadde planlagt tiltak for. Ved andre høve førte prosessen til intern opprydding om fokus. Også usemje mellom NOKUT sin komité og institusjonen kunne føre til konstruktiv debatt og seinare utvikling. Nokre typar kritikk gikk likevel att i fleire av samtalane. Mellom anna var fleire uroa over at komiteane var for små, at institusjonen ikkje fekk møte dei sakkunnige andlet til andlet (mastergradsakkrediteringar) og at vurderingane i nokon mon kunne vere gjort på grunnlag av komitémedlemmane sine særinteresser.

Ulike innvendingar

Nokre meinte og at dei sakkunnige kunne vere for tradisjonelle og for detaljorienterte i tolkinga av akkrediteringskrava. Ei anna innvending som fleire kom med var at det ikkje blei brukt sakkunnige frå utlandet ved akkrediteringar av studietilbod på fagområde som ennå ikkje var etablert i Norge.

Effekten av anbefalingane blir jamt over vurdert som positiv av institusjonane sjølve. I svar på spørjeskjemaet seier eit fleirtal av institusjonane at dei har følgt opp alle anbefalingane, og med tilfredsstillande resultat. Andre seier at dei har følgt opp dei fleste. Men akkreditering av mastergradar skil seg ut. Ved desse akkrediteringane er det fleire som ikkje er heilt nøgde med anbefalingane og det har blitt gjort færre oppfølgingar med tiltak (men samstundes fleire eigeninitierte tiltak).

Anbefalingar tilbake til NOKUT

Institusjonane sine anbefalingar tilbake til NOKUT er blant anna at rådgivingsrolla kan styrkast og at anbefalingar i akkrediterings- og evalueringsrapportar kan uttrykkast tydelegare.  Det vert og peika på at det er viktig å halde fast ved institusjonen sin eigen rett til å velje tiltak for vidareutvikling, ikkje minst for å sikre mangfaldet i dei høgre utdanningstilboda.


Last ned heile dokumentet: 

Forfatter(e): Oddvar Haugland
Jon Haakstad
Dato: 22.12.2011
Rapportnr: 2011-3
ISSN-nr: 1892-1604