– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Korleis søkjer eg opptak til studium?

Her finn du informasjon om korleis du kan søkje opptak til studium i Noreg.

Høgare utdanning

Høgare utdanning blir tilboden både ved statlege og private lærestader. Høgare utdanning byggjer vanlegvis på eksamen frå treårig vidaregåande opplæring – studieførebuande opplæring (generell studiekompetanse).

Eit bachelorgradsstudium er eit treårig studieprogram (180 studiepoeng/ECTS). Bachelorgraden kan du etter visse reglar byggje ut til mastergrad og vidare til doktorgrad.

Nokre av bachelorgradsprogramma har ei fast oppbygging, i andre kan du velje mellom ulike emne etter å ha gjennomført første del av studiet. I studieprogramma der du kan velje friare, må du setje saman studiet etter retningslinjer gitt av lærestaden for å oppnå bachelorgraden.

Høgskulekandidatstudium

Det finst nokre toårige studieprogram på bachelorgradsnivå ved høgskulane som gir tittelen høgskulekandidat.

Årsstudium/påbyggingsstudium/kortare studium

Det finst også ei rekkje årsstudium, påbyggingsstudium og kortare studium ved lærestadene. Mange av dei kan inngå i ein bachelorgrad. I tillegg kan nokre av dei vere grunnlag for profesjonsstudium i faget, for eksempel i psykologi.

Kvar sender eg søknaden?

Det er Samordna opptak som behandlar søknader til bachelorgradstudium og andre lågare gradsstudium i Noreg som byggjer direkte på vidaregåande opplæring. Søknad om studieplass skal sendast til Samordna opptak.

Ein del private lærestader har eige opptak, og då skal du sende søknaden direkte til lærestaden. Søknad om påbyggingsstudium skal også sendast direkte til lærestaden.

[ - ]

Eit mastergradsstudium er som oftast eit toårig studieprogram (120 studiepoeng/ECTS). Studiet byggjer på fagleg fordjuping i bachelorgraden og omfattar blant anna sjølvstendig arbeid.

Nokre mastergradsstudium byggjer på relevant yrkespraksis i tillegg til fagleg fordjuping i bachelorgraden. Slike studium blir kalla erfaringsbaserte, og omfanget kan vere både to år (120 studiepoeng/ECTS) og halvtanna år (90 studiepoeng/ECTS).

Kvar sender eg søknaden?

Ein søknad om opptak til mastergradsstudium sender du direkte til lærestaden. For informasjon om ulike program, fristar og opptakskrav, ta kontakt med kvar enkelt lærestad.

[ - ]

Profesjonsstudia er kjenneteikna av fastlagde fagplanar over fleire år innanfor eit fagområde.

Treårige profesjonsstudium gir bachelorgrad. Eksempel på slike studium er sjukepleiarutdanning og sosionomutdanning.

Mange høgskular har fireårige lærarutdanningar. Kandidatane kan få tildelt graden bachelor etter tre år dersom utdanninga fyller krava til bachelor ifølge høgskulen si forskrift. Grunnskulelærarkompetanse oppnår ein først etter fire år.

Femårige profesjonsstudium (integrerte mastergradar) finn ein særleg ved universiteta innanfor desse fagområda: farmasi, fiskerifag, informatikk, ingeniørfag, jus, odontologi, lærarutdanning og samfunnsøkonomi.

Seksårige profesjonsstudium gir eigne grader. Medisin, veterinær, psykologi og teologi gir gradane cand.med., cand.med.vet, cand.psychol. og cand.theol.

Kvar sender eg søknaden?

Same regel gjeld for opptak til profesjonsstudium som for blant anna bachelorgradsstudium. Du søkjer om opptak hos Samordna opptak.  Der finn du også liste over studia du kan søkje på. Ein del private lærestader har eigne opptak, og då blir søknaden sendt direkte til lærestaden.

[ - ]

Vidareutdanningar er studium som gir ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå (gir studiepoeng/ECTS). Innan helsefaga er det mange vidareutdanningar, slik som til dømes  vidareutdanning i anestesisjukepleie og kreftsjukepleie. Nokre vidareutdanningar kan ha krav om relevant yrkespraksis i tillegg til bachelorgrad/offentleg godkjenning som sjukepleiar eller liknande.

Etterutdanning er ei oppdatering av eksisterande kompetanse, men gir ikkje studiepoeng/ECTS

Kvar sender eg søknaden?

Mange lærestader tilbyr etter- og vidareutdanningar innan ei rekkje fagområde. Tilbod, fagområde og organisering av undervisninga kan variere. Det same gjeld fristar og opptakskrav. For meir detaljert informasjon om dette, ta kontakt med kvar enkelt lærestad.

[ - ]

Fagskuleutdanning

Fagskuleutdanning er ei yrkesretta utdanning på eit halvt til to år, som byggjer på vidaregåande skule eller tilsvarande realkompetanse. Du treng som regel ikkje generell studiekompetanse for å studere på fagskule. Ofte vil fagskuleutdanningar byggje på fagbrev/sveinebrev eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring.

Det finst offentlege fagskular finansierte av fylkeskommunane, samt private fagskular.

Ved dei fylkeskommunale fagskulane finn du fleire fagretningar innanfor desse tre fagfelta:

  • teknikk/teknologi
  • helse
  • administrasjon, økonomi og leiing

Ved dei private fagskulane finn du eit breiare tilbod av fagretningar, alt frå toårig teknisk utdanning til kunst- og restaurantfag med meir.

Kvar sender eg søknaden?

Søknaden skal som hovudregel sendast til fagskulen du ønskjer å gå på. Ta kontakt med den aktuelle fagskulen for meir informasjon.

Unnataket er tekniske utdanningar: Det er nasjonalt samla opptak til tekniske utdanningar som blir teke på fulltid ved dei fylkeskommunale tekniske fagskulane, sjå Nasjonalt opptakskontor for fagskolen (NOF) for meir informasjon.

På desse nettsidene finn du i tillegg oversikt over skular, kva fagretningar og fordjupingar desse har, og nødvendige adresser og telefonnummer.

[ - ]

Du finn godkjende utdanningstilbod ved både dei offentlege og private fagskulane i Noreg under godkjende fagskuletilbod.

[ - ]

Vidaregåande opplæring

Med fullførd grunnskule har du rett til tre års vidaregåande opplæring. Du kan velje om du vil ta ei yrkesfagleg eller ei studieførebuande opplæring.

Kontakt fylkeskommunen der du bur for meir informasjon om alternativa dine. Du kan også ta kontakt med inntakskontoret i fylket ditt. Sjå oversikt over inntakskontora.

Meir informasjon om inntak/opptak finn du hos vilbli.no.

Kvar sender eg søknaden?

Er du mellom 16 og 24 år, søkjer du opptak til vidaregåande opplæring på nettsidene til VIGO – vidaregåande opplæring.

[ - ]

Vaksne som søkjer vidaregåande opplæring, har i det året dei fyller 25 år rett til gratis realkompetansevurdering og vidaregåande opplæring, dersom dei ikkje tidlegare har fullført ei slik opplæring. Retten gjeld for alle, uansett nasjonalitet, men du må vere busett i Noreg.

Les meir om realkompetansevurdering på nettsidene til VOX

Sjå oversikt over kven som vurderer realkompetanse i vidaregåande opplæring.

[ - ]

Dersom du har teke heile eller delar av vidaregåande opplæring i utlandet og skal søkje opptak eller innpass til vidaregåande opplæring i Noreg, har du fleire alternativ. Ta kontakt med rådgivingstenesta ved skulen der du skal søkje om opptak, for å få råd og rettleiing om du kan få godkjenning av enkeltfag (fritak for enkelte fag). Dei kan fortelje deg om du kan fritakast for heile opplæringsår som er bestått i utlandet, og svare på spørsmål om program- og fagval.

Les meir her: Rundskriv om godkjenning av tidligere bestått videregående opplæring i Norge og i utlandet (Udir-6-2012).

[ - ]