– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Korleis kan eg jobbe med studiekvalitet som student?

Som student er det viktig at du tek del i arbeidet institusjonane gjer med kvalitetsutvikling. Studentar er ein sjølvsagt del av arbeidet NOKUT gjer med å sikre og utvikle utdanningane i Noreg, og dei er ein nødvendig del av arbeidet universitet og høgskular gjer for å bli betre.

Det er lovpålagt for institusjonane å involvere studentar i avgjerder som påverkar dei, og studentar bør bruke det høvet til å bidra mest mogeleg med dei unike perspektiva sine.

Her har vi samla både informasjon og verkemiddel frå NOKUT som du kan bruke til dette arbeidet.

Norske universitet kan opprette dei studietilboda dei ønskjer, på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Høgskular har ikkje dei same fullmaktene og må søkje NOKUT om å opprette somme typar studium. I tillegg til å søkje om å opprette nye studium kan institusjonane søkje NOKUT om å få fleire fullmakter. Når NOKUT godkjenner søknader, kallar vi det akkreditering.

Meir om institusjonskategoriar

Fagskulestudium er yrkesretta utdanning etter vidaregåande. Fagskulestudium skal godkjennast av NOKUT, men fagskular kan søkje om å få fagområdegodkjenning slik at dei kan starte utdanningstilbod innanfor dette området utan å søkje.

Rapportane frå akkrediteringar kan gi verdifull informasjon om korleis det blir jobba med kvalitetssikring ved forskjellige institusjonar og program i Noreg.

Meir om sikring og utvikling av utdanningskvalitet

[ - ]

Alle institusjonar som gir høgare utdanning i Noreg, får gjesting av NOKUT minst kvart sjette år. Då gjennomgår vi kvalitetssikringsarbeidet til institusjonane. I tillegg fører NOKUT tilsyn med eksisterande utdanningstilbod både innan høgare utdanning og fagskule. Det kan vi gjere anten fordi vi har fått bekymringsmeldingar om låg kvalitet, eller for å sjå på eit spesielt fagområde til dømes.

Meir om kvalitetssikring og -utvikling – universitet og høgskule

Meir om kvalitetssikring og -utvikling – fagskule

[ - ]

NOKUT freistar å samanstille informasjonen dei innhentar frå arbeidet med evalueringar, akkreditering og godkjenningar. Dette er eit godt utgangspunkt for å lære meir om utbyttet av NOKUTs arbeid innan desse områda spesielt og generelt om kvalitetsarbeid ved institusjonane.

[ - ]

NOKUT utfører jamleg utgreiingar som skal hjelpe direkte til å stimulere til kvalitetsutvikling. Rapportane kan omhandle tema både innan norsk og utanlandsk utdanning og alle delar av høgare utdanning. Ettersom rapportane dekkjer ei stor breidd av tema, er det eit godt utgangspunkt for studentar som ønskjer å lære meir om kvalitet.

Meir om utgreiings- og analyseprosjekt

[ - ]

NOKUT utgir frå tid til annan korte analysar og syntesar av rapportar frå sektoren. Analysane dekkjer ei stor breidd av tema og kan vere både originalt arbeid av NOKUT-tilsette eller oppsummeringar av arbeid som andre i sektoren har utført. Felles for rapportane er at dei gir kortfatta informasjon og gir rask oversikt over eit tema.

Meir om aktuelle analysar

[ - ]

NOKUT gjennomfører frå tid til annan evalueringar som har som formål å vurdere kvalitet og identifisere tiltak som kan hjelpe til kvalitetsforbetringar. Dette kan vere programevalueringar av typen som er gjennomførde for lærarutdanninga og ingeniørutdanninga, eller temaevalueringar retta mot spesifikke område eller forhold på tvers av utdanningsprogram og institusjonar.

Meir om evalueringar (tilsynsrapportar)

[ - ]

Senter for framifrå utdanning (SFU) er ei nasjonal prestisjeordning for utdanningar på bachelor- og masternivå som har framifrå kvalitet og innovativ praksis. Dei skal spreie resultata sine og skal føre til at andre kan utvikle utdanningane sine. Søknadene frå sentera, i tillegg til rapportar dei lagar undervegs, kan brukast som inspirasjon til utvikling av fagtilbodet andre stader.

Meir om SFU

[ - ]