– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Er studiet mitt godkjent?

I Noreg er det over 4000 utdanningstilbod ved rundt 200 lærestader. NOKUT godkjenner og sjekkar at lærestadene oppfyller krava til kvalitet i studia.

Fagskule

Alle fagskuleutdanningar er godkjende av NOKUT og gir rett til stønad frå Lånekassen. Det at utdanninga er godkjend, tyder på at kvaliteten på utdanninga er god nok.

Sjekk oversikta over godkjende fagskuletilbod

Høgare utdanning

NOKUT godkjenner studium som høgskular ikkje har lov til å starte på eiga hand. NOKUTs godkjenning av studium blir kalla akkreditering. Når eit studium er akkreditert av NOKUT, er utdanningskvaliteten vurdert til å vere god nok. Du får studiepoeng for emne du har bestått, og du kan få stønad frå Lånekassen.

Sjekk oversikta over akkrediterte studietilbod

Dersom du ikkje finn studiet ditt i denne oversikta, kan årsaka vere som følgjer:

  • Universitet har lov til å starte studium innan alle fagområde og på alle nivå (bachelor-, master- og doktorgrad) sjølv, og treng ikkje søkje NOKUT
  • Dersom ein høgskule får eit doktorgradsstudium godkjent, kan dei sjølv starte nye mastergradsstudium innan same fagområde utan å søkje NOKUT
  • Såkalla akkrediterte høgskular (som har fått godkjenning av NOKUT og Kunnskapsdepartementet som høgskular) kan starte studium på bachelorgradsnivå utan å søkje NOKUT. Sjå kva for institusjonar dette gjeld.
  • Nokre høgskular hadde studium godkjende av Kunnskapsdepartementet før NOKUT blei oppretta i 2003. Sjå liste over desse (pdf).
  • Studiet er ikkje godkjent. Studiet gir då ikkje studiepoeng eller stønad frå Lånekassen.
  • Studiet kan vere ei fagskuleutdanning. Sjå godkjende fagskuletilbod.