– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Diploma Supplement (DS)

Diploma Supplement (DS) er eit internasjonalt vitnemålstillegg og gir ei utfyllande forklaring av kvalifikasjonen som kandidaten har oppnådd. Det erstattar ikkje studenten sitt vitnemål, men supplerer dette.

Formålet er å "sikre ei rettferdig akademisk og yrkesmessig godkjenning av kvalifikasjonen på tvers av landegrensene ("international transparency")". Alle studentar som studerer i Noreg, kan få eit Diploma Supplement hos institusjonen sin.

DS følgjer eit fast oppsett og er gruppert i 8 seksjonar. Seksjon 8, som skildrar landets system for høgare utdanning, er ein fast felles tekst for alle DS i det landet det gjeld.

Under finn du lenkjer til seksjon 8 (i pdf og Word) og diagram over det norske utdanningssystemet. Begge dokumenta er på engelsk. Seksjon 8 blei sist oppdatert i mai 2015. Diagram over det norske utdanningssystemet blei sist oppdatert i november 2013.

Ved fullførde gradsstudium i europeiske land er eit DS nyttig å ha med i samband med jobbsøking, godkjenning eller vidare studium i Noreg.

Historikk

Etter initiativ frå Europakommisjonen, Europarådet og UNESCO/CEPES blei det i 1996 nedsett ei arbeidsgruppe for å utvikle eit Diploma Supplement. Resultatet av gruppa sitt arbeid blei presentert i 1998. Det blei lagt fram ein rapport frå pilotprosjekt og eit mønsterdokument for Diploma Supplement med eit forklarande tillegg.

I 1999 tok UNESCO/Europarådets konvensjon om godkjenning av kvalifikasjonar om høgare utdanning (Lisboakonvensjonen) til å gjelde. I Lisboakonvensjonen er Diploma Supplement behandla som ein eigen artikkel under del 9.

Implementering i Noreg

Noreg har frå og med våren 2002 innført lovbestemd automatisk utsending av Diploma Supplement til alle som får vitnemål for fullførd utdanning (UH-lovas § 3-11 (1) ). Diploma Supplement er allereie ein integrert del av dei elektroniske studentregistreringssystema ved norske høgare utdanningsinstitusjonar, FS (Felles studentsystem) og MSTAS.

Diploma Supplement skal vere gratis for kandidatane i Noreg.