– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Spørsmål og svar

Her finn du spørsmål og svar som er relevante for deg som ønskjer å vere sakkunnig ved akkreditering av studietilbod på bachelor- og mastergradsnivå.

Å vere sakkunnig inneber å utforme ei skriftleg vurdering og eventuelt ei kortare tilleggsvurdering (sjå nedanfor), basert på vurdering av ein søknad om akkreditering av nytt studietilbod. Det er vanlegvis to sakkunnige på kvar søknad. For søknader om akkreditering av studium på bachelor- og mastergradsnivå inngår ikkje institusjonsbesøk, men dei sakkunnige møtest på eit dagsmøte (skrivemøte) hos NOKUT

Kvar sakkunnig får utbetalt eit honorar på 12 000,– når vedtak er fatta i saka. Vi betaler reise og eventuelt opphald i samband med dagsmøtet.

[ - ]

Vurderinga til dei sakkunnige er basert på søknaden om akkreditering av nytt studietilbod, som institusjonen har sendt til NOKUT. I denne søknaden skildrar og grunngir institusjonen korleis dei meiner at dei oppfyller krava (sjå søkjarhandbøkene). Dei sakkunnige skal vurdere om institusjonen gjennom søknaden og studieplanen har godtgjort at studiet oppfyller NOKUTs minstekrav til studiekvalitet, samt krava i andre aktuelle lover og forskrifter. Samtidig kan dei sakkunnige gi råd til vidare utvikling av studiet.

[ - ]

Dei sakkunnige skal gi synspunkta sine i ei samla skriftleg vurdering. Denne vurderinga er ofte omlag 10–15 sider lang og er basert på ein mal som dei sakkunnige får frå oss. For kvart kriterium (sjå søkjarhandbøkene) skal dei sakkunnige summere sentrale element frå svaret frå institusjonen, gi vurderinga si, og så konkludere med om institusjonen har godtgjort at studiet oppfyller NOKUT sine minstekrav til studiekvalitet eller ikkje.

Ved positiv konklusjon kan dei sakkunnige skrive noko om kva institusjonen bør gjere for å utvikle kvaliteten på studiet vidare. Ved negativ konklusjon skal dei sakkunnige skrive kva institusjonen må gjere for å oppfylle krava, i tillegg til eventuelle råd for vidare utvikling.

I dei tilfella der det blir konkludert negativt, får institusjonen høve til å kommentere vurderinga til dei sakkunnige. Etter dette kan vi be dei sakkunnige om å skrive ei tilleggsvurdering basert på kommentaren frå institusjonen, der dei sakkunnige fastset om dei vil oppretthalde eller endre konklusjon. Tilleggsvurderinga er ofte vesentleg kortare enn den første vurderinga.

[ - ]

Oppdraget byrjar med at dei sakkunnige les gjennom søknaden dei skal vurdere. Kvar sakkunnige komité møtest så på skrivemøte hos NOKUT i Oslo. På dette møtet, som varer omlag éin arbeidsdag, går saksbehandlarane våre gjennom kriteria dei sakkunnige skal vurdere og dei sakkunnige får tid til å jobbe med rapporten. Etter møtet held dei sakkunnige kontakten, gjerne per e-post eller telefon, mens dei jobbar vidare med vurderinga.

Ved negativ konklusjon, går dei sakkunnige si vurdering til institusjonen for kommentar. Når vi tek i mot kommentaren, kan vi be dei sakkunnige om å skrive ei tilleggsvurdering. Det varierer kor lang tid eit oppdrag som sakkunnig tek, men ein må ofte rekne med over ei vekes arbeid til saman.

[ - ]

Det er viktig at sakkunnige ikkje har oppgåver ved institusjonen eller studiet dei skal vurdere, eller andre tilknytingar som gjer dei inhabile. Dette er fastsett i lov og forskrift, og er viktig for at samfunnet kan ha tillit til vurderingane. Det finst ingen klar fasit for kva tilknytingar som gjer ein sakkunnig inhabil, og vi ønskjer at sakkunnige tek opp spørsmål om habilitet med NOKUTs saksbehandlarar.

[ - ]