– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Kven er dei sakkunnige?

NOKUTs sakkunnige er kjenneteikna ved at dei har høg kompetanse innanfor fagområdet sitt, men dei har svært forskjellige bakgrunnar ut over dette. Vi ønskjer oss også variasjon når det gjeld geografi og kjønn.

Statistikk 2011/2012

Nedanfor ser du litt statistikk over dei sakkunnige vi brukte til studieakkreditering i høgare utdanning i 2011/12:

  • 64 % av dei sakkunnige jobbar for eit universitet. Resten jobbar hovudsakleg for ein høgskule eller vitskapleg høgskule. Vi bruker også sakkunnige med andre bakgrunnar, innan for eksempel kunstfag. I 2011/12 galdt dette 6 % av dei sakkunnige.
  • Omtrent halvparten av dei sakkunnige er professorar.
  • Av dei 152 sakkunnige vi brukte, er heile 45 % tilsette ved ein institusjon utanfor Noreg.
  • På landsbasis kjem 40 % frå Austlandet (som har 50 % av Noregs befolkning), mens 60 % kjem frå institusjonar andre stader i landet.
  • Til saman var det 1,56 gonger så mange menn som kvinner. Dette må likevel sjåast i samanheng med at det er tre gonger så mange mannlege som kvinnelege professorar i Noreg.